Prop. 33 S (2024–2025)
Revidert finansieringsopplegg for Førdepakken i Vestland fylke
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 29. november 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Proposisjonen omhandlar forlengd bompengeinnkrevjing frå 12 til 17 år i Førdepakken. Dette vil sikre at alle planlagde prosjekt i Førdepakken blir gjennomførte. Prosjekta vil forbetre nødvendig infrastruktur i området, og bidra til å gjere transportsystemet i Førde meir effektivt, robust og berekraftig.