Prop. 40 L (2024–2025)

Endringar i folketrygdlova m.m. (medlemskap i folketrygda for personar tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister)

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg med dette fram forslag om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lovar. Personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister (NIS), er i dag eksplisitt unntatt frå både pliktig og frivillig medlemskap i folketrygda, sjå folketrygdlova § 2-12. Føresegna i § 2-12 gjeld både for norske og utanlandske statsborgarar. I proposisjonen her blir det fremma forslag om å oppheve folketrygdlova § 2-12, for å likestille personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i NIS, med andre kategoriar arbeidstakarar på tilsvarande skip. Vidare blir det fremma forslag om korresponderande endringar i folketrygdlova, skipsarbeidslova og lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget