Prop. 44 L (2024–2025)
Lov om statsføretak (statsføretakslova)
Tilråding frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet 24. januar 2025, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til ny lov om statsføretak (statsføretakslova). Den nye lova avløyser gjeldande lov frå 1991. Lova regulerer den daglege verksemda til dei åtte statsføretaka som finst i dag. Statsføretaka som er oppretta i kraft av den eksisterande lova, blir vidareførte i den nye lova. I likskap med dagens lov vil også den nye lova byggje på aksjelova. Gjeldande rett blir for det meste vidareført i den nye lova, men lovføresegnene er utforma for å gjenspegle dei endringane som aksjelova har gjennomgått dei siste åra. Det gjeld mellom anna framlegg til endra føresegner om stifting av statsføretak, vedtekter, styre og dagleg leiar, og føretaksmøte. I tillegg er lovføresegnene utforma kjønnsnøytralt og teknologinøytralt. Dei føresegnene som er særeigne for statsføretaka, blir også vidareførte i den nye lova. Dette gjeld føresegna om at styret skal sende styreprotokollen til eigardepartementet og føresegna som krev at visse avgjerder skal leggjast fram for eigardepartementet (føretaksmøtet) før avgjerda blir teken (framleggingsplikta). Den nye lova får ei formålsføresegn utforma med vekt på at lova skal leggje til rette for ei sakshandsaming tilpassa at føretaket berre kan eigast av staten. Lova skal medverke til at statsføretak kan vareta sitt samfunnsoppdrag eller verksemda si på ein effektiv måte.