Hjelp for valresultatsidene 2009

Førstesida – landsoversyn
Landsoversyn etter parti
Fylkesoversyn
Kommuneoversyn
Stortingsprognose
Representantprognose
Frammøte

Forklaring til fargekodane
Søkjefunksjon
Heimfunksjon
Forkortingar parti og lister
Oppdater/Refresh
Grafisk vising
Bokmål
Tilbakemelding


Førstesida - landsoversyn

Denne sida viser grafisk eit landsoversyn for stortingsvalet. Valresultata blir vist samla etter parti/lister i heile landet basert på dei røystene som til kvar tid er opptalde.

Sist oppdatert: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert kvart 5. minutt. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren.

Prognose 2009: Grafen viser det resultatet ein ventar basert på dei opptalde røystene på landsbasis til einkvar tid.


[Til toppen]

Landsoversyn - stortingsvalet

Denne tabellen viser valresultatet for heile landet.

Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert kvart 5. minutt. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren.

Tabellen øvst:
Kor mange røysteføre: Viser kor mange røysteføre det er i landet.
Talet på frammøtte: Viser talet på godkjende røystgjevingar (dvs talet på kryss i manntalet).
Frammøteprosent: Viser kor mange prosent av dei røysteføre som har røysta i hele landet.
Talet på blanke røyster: Viser kor mange blanke røystesetlar det er på landsbasis.
Talet på forkasta røystesetlar: Viser kor mange røystesetlar som ikkje blei godkjente på landsbasis.
Oppteljingsstatus i kommunane: Viser status i kommunane i høve til kor langt dei er komne i oppteljinga. Sjå meir om dette i forklaring til fargekodane.

Godkjente røystegjevingar vs godkjente røystesetlar: For at ein veljar skal få godkjent røystegjevinga si må veljaren ha rett til å røyste. Reglane for røysterett står i vallova kapittel 2. Når røystegjevinga blir godkjent blir veljaren kryssa av i manntalet. Vilkåra for å godkjenne røystegjevingar står i vallova §§ 10-1 og 10-2. Godkjente røystegjevingar er utgangspunktet når ein reknar ut valdeltakinga.

Når røystegjevinga er godkjent kontrollerer valstyret om sjølve røystesetelen kan godkjennast. Krava til godkjenning går fram av vallova § 10-3. Er krava i lova oppfylt, blir røystesetelen godkjent. Dersom røystesetelen ikkje oppfyller krava blir den forkasta. Også blanke røystesetlar må etter lova forkastast. Sjølv om røystesetelen blir forkasta, blir den talt med når ein reknar ut valdeltakinga.

Alle godkjente røystesetlar + alle forkasta røystesetlar (inkl. blanke) er ikkje alltid lik talet på godkjente røystegjevingar. Grunnen til dette er: I nokre tilfeller vel veljaren likevel ikkje å røyste og leverer ikkje røystesetel i det heile tatt (sjølv om vedkomande er blitt kryssa av i manntalet).

Alle godkjente røystesetlar blir fordelte på de ulike vallistene og er utgangspunktet for kor mange mandat den enkelte liste skal ha og kva kandidatar som får plassane.

Forklaring til tabelloverskrifter:
Liste: forkortingar på listene. Klikk på "Forklaring til listeforkortingar" for å få fram eit oversyn over lister ved stortingsvalet.
Opptalde røyster: Viser kor mange røyster som til kvar tid er opptalde på landsbasis etter parti.
%-vis fordeling: Viser korleis røystene som til kvar tid er opptalde, fordeler seg prosentvis på dei ulike listene.
%-vis endring F07: Viser prosentvis framgong eller tilbakegong til kvar liste (basert på opptalde røyster) i høve til fylkestingsvalet i 2007.
%-vis endring S05: Viser prosentvis framgong eller tilbakegong til kvar liste (basert på opptalde røyster) i høve til stortingsvalet i 2005.

Prognosar: Ein prognose viser det sluttresultatet ein ventar når alle røystene er opptalde.

Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Av desse er 150 distriktsrepresentantar og 19 utjamningsrepresentantar (eit pr fylke). Distriktsrepresentantane skal fordelast slik på dei ulike fylka, jf. Grunnlova § 58: Østfold fylke 9, Oslo 17, Akershus fylke 16, Hedmark fylke 8, Oppland fylke 7, Buskerud fylke 9, Vestfold fylke 7, Telemark fylke 6, Aust-Agder fylke 4, Vest-Agder fylke 6, Rogaland fylke 13, Hordaland fylke 15, Sogn og Fjordane fylke 5, Møre og Romsdal fylke 9, Sør-Trøndelag fylke 10, Nord-Trøndelag fylke 6, Nordland fylke 10, Troms fylke 7 og Finnmark fylke 5.

Riksvalstyret fordeler utjamningsmandata.

%-vis fordeling: Viser kor stor prosentdel av representantplassane det aktuelle partiet eller den aktuelle gruppa ser ut til å kunne få på landsbasis når alle røystene er opptalde.

Kor mange mandat: Viser kor mange distriktsmandat av distriktsrepresentantplassane det aktuelle partiet eller den aktuelle gruppa ser ut til å kunne få på landsbasis når alle røystene er opptalde.
Endring S-05
: Viser kor mange distriktsmandat av distriktsrepresentantplassane det aktuelle partiet eller den aktuelle gruppa ser ut til å kunne vinne eller tape i høve til det førre stortingsvalet. Ei blank rute indikerer at det ikkje er endring frå førre valet.

Av desse utjamningsmandat: Viser kor mange utjamningsmandat det aktuelle partiet eller den aktuelle gruppa ser ut til å kunne vinne. Desse mandata er og tekne med under "kor mange mandat". Der er berre parti som ligg an til å få meir enn 4% av røystene på landsbasis som vert reikna med her.

Grafisk vising

Sida kan visast grafisk. Klikk på ”Grafisk vising” i menyen øvst til høgre.

Prognose 2009: Grafen viser det resultatet ein ventar basert på dei opptalde røystene på landsbasis til einkvar tid.


[Til toppen]

Enkeltresultat, resultat for fylke

Denne tabellen viser valresultatet i det oppgitte fylket.

Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultatn For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren.

Tabellen øvst:
Kor mange røysteføre: Viser kor mange røysteføre det er i fylket.
Frammøteprosent: Viser hvor mange prosent av dei røysteføre som har røysta i fylket.
Del av opptalde røyster: Viser grafisk og prosentvis kor stor del av røystene som er opptalde.
Kor mange kommunar totalt: Viser kor mange kommunar det er i landet.
Oppteljingsstatus i kommunane: Viser status i kommunane i høve til kor langt dei er komne i oppteljinga. Sjå meir om dette i forklaring til fargekodane.

Forklaring til tabelloverskrifter:
Liste
: Forkortingar på listene. Klikk på "Forklaring til listeforkortingar" for å få fram eit oversyn over lister ved stortingsvalet.
Opptalde røyster: Viser kor mange røyster som til kvar tid er opptalde i fylket etter parti.
%-vis fordeling: Viser korleis dei pptalde røystene til kvar tid fordeler seg prosentvis på dei ulike listene.
%-vis endring F-07: Viser prosentvis framgong eller tilbakegong til kvar liste (basert på opptalde røyster) i høve til fylkestingsvalet i 2007.
%-vis endring S-05: Viser prosentvis framgong eller tilbakegong til kvar liste (basert på opptalde røyster) i høve til stortingsvalet i 2005.

Prognosar:

En prognose viser det sluttresultatet ein ventar når alle røyster er opptalde.

Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Av desse er 150 distriktsrepresentantar og 19 utjamningsrepresentantar (eit pr fylke). Distriktsrepresentantane skal fordelast slik på dei ulike fylka, jf. Grunnlova § 58: Østfold fylke 9, Oslo 17, Akershus fylke 16, Hedmark fylke 8, Oppland fylke 7, Buskerud fylke 9, Vestfold fylke 7, Telemark fylke 6, Aust-Agder fylke 4, Vest-Agder fylke 6, Rogaland fylke 13, Hordaland fylke 15, Sogn og Fjordane fylke 5, Møre og Romsdal fylke 9, Sør-Trøndelag fylke 10, Nord-Trøndelag fylke 6, Nordland fylke 10, Troms fylke 7 og Finnmark fylke 5.

Riksvalstyret fordeler utjamningsmandata.

 

%-vis fordeling: Viser kor stor prosentdel av representantplassane det aktuelle partiet eller gruppa ser ut til å kunne få i det oppgitte fylket når alle røystene er opptalde.

Stortingsmandat
Kor mange
: Viser kor mange mandat av representantplassane i det oppgitte fylket det aktuelle partiet eller den aktuelle gruppa ser ut til å kunne få når alle røystene er opptalde.
Endring S-05
: Viser kor mange mandat av samla talet representantplassar det aktuelle partiet eller den aktuelle gruppa ser ut til å vinne eller tape i høve til det førre storingsvalet. Ein strek indikerer ingen endring frå det førre valet.

Grafisk vising

Sida kan visast grafisk. Klikk på ”Grafisk vising” i menyen øvst til høgre.

Prognose 2009: Grafen viser det resultatet ein ventar basert på dei opptalde røystene i det aktuelle fylket til einkvar tid.


[Til toppen]

Enkeltresultat, resultat for kommune

Denne tabellen viser valresultatet i den oppgitte kommunen.

Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren.

Tabellen øvst:
Kor mange røysteføre: Viser kor mange røysteføre det er i kommunen.
Frammøteprosent: Viser hvor mange prosent av dei røysteføre som har røysta i kommunen.
Oppteljingsstatus i kommunane: Viser status i kommunane i høve til kor langt dei er komne i oppteljinga. Sjå meir om dette i forklaring til fargekodane.

Forklaring til tabelloverskrifter:
Liste: Forkortingar på listene. Klikk på "Forklaring til listeforkortingar" for å få fram eit oversyn over lister ved stortingsvalet.
Opptalde røyster: Viser til kvar tid kor mange opptalde røyster det er.
%-vis fordeling: Viser korleis dei opptalde røystene til kvar tid fordeler seg prosentvis på dei ulike listene.
Endring frå F-07: Viser kor mange røyster den aktuelle lista har mista eller vunne i høve til fylkestingsvalet i 2007.
%-vis endring F-07: Viser prosentvis framgong eller tilbakegong til den aktuelle lista (basert på opptalde røyster) i høve til fylkestingsvalet i 2007.
Endring frå S-05: Viser kor mange røyster den aktuelle lista har mista eller vunne i høve til det førre stortingsvalet i 2005.
%-vis endring S-05:Viser prosentvis framgong eller tilbakegong til den aktuelle lista (basert på opptalde røyster) i høve til stortingsvalet i 2005.

Krinsresultater:

Valresultata blir innrapporterte krinsvis i kommunane Bergen, Stavanger, Trondheim og Oslo.

Framande ikkje fordelt på krins: Røyster frå veljarar som på valdagen røysta i ein annan krins enn der dei stod i manntalet.
Valting ikkje fordelt på krins og Førehand ikkje fordelt på krins: Røyster som av tekniske årsaker ikkje blir fordelt på dei andre krinsane.
Dette gjeld berre i kommunane Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim.


[Til toppen]

Stortingsprognose

Stortingsprognosen viser det sluttresultatet ein ventar når alle røystene er opptalde.

Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren.

Tabellen øvst:
Kor mange røysteføre: Viser kor mange røysteføre det er i landet.
Frammøteprosent: Viser hvor mange prosent av dei røysteføre som har røysta i hele landet.
Del av opptalde røyster: Viser grafisk og prosentvis kor stor del av røystene som er opptalde.
Kor mange kommunar totalt: Viser kor mange kommunar det er i landet.
Oppteljingsstatus i kommunane: Viser status i kommunane i høve til kor langt dei er komne i oppteljinga. Sjå meir om dette i forklaring til fargekodane.

Forklaring til tabelloverskrifter:
Fylke – Når du klikker på eit fylkesnamn, får du fram ein representantprognose for det aktuelle fylket. (Sjå hjelp for representantprognosetabellen.)
Fordelte røyster: Er ein utrekna indikator som viser kor stor del av dei røysteføre som er talt opp, altså kor langt ein er komen i oppteljinga. Litt forenkla er det talet på røysteføre i krinsar/kommunar det er motteke rapportar på, dividert på røysteføre totalt.
Antallet kommunar fordelt på status: Viser kor langt dei er komen i oppteljinga.

Prognosar:

Ei prognose viser det sluttresultatet ein ventar når alle røyster er opptalde.

Prognostisert mandatfordeling etter fylke: Viser kor mange mandat kvar liste får, fordelte på fylka når alle røystene er opptalde. Fordelinga kan endre seg etter kvart som faktiske valresultat blir innrapporterte frå kommunane.

Grafisk vising

Sida kan visast grafisk. Klikk på ”Grafisk vising” i menyen øvst til høgre.

Prognose 2009: Grafen viser den mandatfordelinga ein ventar basert på dei opptalde røystene på landsbasis til einkvar tid.


[Til toppen]

Representantprognose

Stortingsprognosen viser det sluttresultatet ein ventar når alle røystene er opptalde.

Denne tabellen viser namn på dei representantane som ser ut til å komme inn på Stortinget frå det oppgitte fylket. Fordelinga av mandattalet til kvart parti kan bli endra etter kvart som faktiske valresultat blir innrapporterte frå kommunane. Såleis kan også kandidatnamna endre seg.

Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren.

Tabellen øvst:
Kor mange røysteføre: Viser kor mange røysteføre det er i landet.
Frammøteprosent: Viser hvor mange prosent av dei røysteføre som har røysta i hele landet.
Del av opptalde røyster: Viser grafisk og prosentvis kor stor del av røystene som er opptalde.
Kor mange kommunar totalt: Viser kor mange kommunar det er i fylket.
Oppteljingsstatus i kommunane: Viser status i kommunane i høve til kor langt dei er komne i oppteljinga. Sjå meir om dette i forklaring til fargekodane.

Grafisk vising

Sida kan visast grafisk. Klikk på ”Grafisk vising” i menyen øvst til høgre.

Prognose 2009: Grafen viser kor mange mandat ein ventar at det aktuelle fylket får, basert på dei opptalde røystene til einkvar tid.


Frammøte

Sida viser kva kommunar som har høgest frammøte (valdeltaking), og kva kommunar som har lågaste frammøte (valdeltaking) på landsbasis. Vær merksam på at sidene ikkje vil vise noko resultat før det er kome inn nok data til at eit oversyn kan lagast.

Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren.

Tabellen øvst:
Kor mange røysteføre: Viser kor mange røysteføre det er i landet.
Frammøteprosent: Viser hvor mange prosent av dei røysteføre som har røysta i hele landet.
Del av opptalde røyster: Viser grafisk og prosentvis kor stor del av røystene som er opptalde.
Kor mange kommunar totalt: Viser kor mange kommunar det er i landet.
Oppteljingsstatus i kommunane: Viser status i kommunane i høve til kor langt dei er komne i oppteljinga. Sjå meir om dette i forklaring til fargekodane.
Forklaring til tabelloverskriftene
Frammøteprosent
: Viser valdeltakinga i den aktuelle kommunen.
Endring  frå -07: Viser prosentvis framgong eller tilbakegong i valdeltakinga for den aktuelle kommunen i høve til fylkestingsvalget i 2007.

Endring frå -05: Viser prosentvis framgong eller tilbakegong i valdeltakinga for den aktuelle kommunen i høve til stortingsvalet i 2005.

Grafisk vising

Sida kan visast grafisk. Klikk på ”Grafisk vising” i menyen øvst til høgre.

Prognose 2005: Grafen viser det resultatet ein ventar basert på dei opptalde røystene til einkvar tid.


[Til toppen]  

Andre emne

Forklaring til fargekodane

Ingen rapportar er mottekne : Oppteljinga held på, det er ikkje rapportert inn resultat enno.

Berre førehandsrøyster opptalde: Oppteljinga i kvar kommune blir gjort kvar for seg når det gjeld førehandsrøyster og valgtingsrøyster. Viser at det berre er motteke rapport om kor mange førehandsrøyster som er opptalde. Valtingsrøystene står att. Det vil seie at oppteljinga held på.

Nokre få røyster står att: Betyr at nokre få røyster ikkje er rapportert inn. Både førehandsrøyster og valtingsrøyster er her talt opp ein gong (blir kalla førebels oppteljing). Nokre røyster må leggjast til side valdagen for å teljast etter førebels oppteljing. Alle kommunar skal til slutt gjennom ei finteljing av alle røystene. Når desse siste røystene er rapportert inn, endrar oppteljngstatus seg til 100%.

100 % opptalt: Alle røystene er opptalde og rapporterte inn.

Søkjefunksjon

I søkjefeltet nedst kan du skrive inn namn på fylke eller kommune (krins). Dersom du til dømes skriv Nor, får du opp ei liste med alle fylke, kommunar (eventuelt krinsar) som byrjar på Nor. Du kan også bruke funksjonen nedst i biletet til å velje fylke direkte og deretter kommune

Søkefunksjonen krev at du har javascript aktivt i din nettlesar og at du tillet køyring av aktiv innhald.

Heimfunksjon

Same kva tabell eller bilete du er, vil du komme tilbake til førstesida/hovudsida når du klikkar på logoen øvst i venstre hjørne

Forkortingar parti og lister

I alle tabellar er namnet på alle parti og lister forkorta. Kva som skjuler seg bak forkortinga, får du fram når du klikkar på "Forklaring til listeforkortingar" i tabellane. Du får fram eit oversyn over alle parti og grupper som stiller liste ved stortingsvalet 2009. Somme parti og grupper stiller liste i alle fylke, andre berre i visse fylke. Det går fram av fylkesoversynet kva parti og grupper som stiller i fylket.  

Oppdater/Refresh

Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren.

Grafisk vising

På somme sider har du høve til å sjå resultata grafisk. Klikk på ”Grafisk vising” i menyen øvst til høgre.

Bokmål

Du skiftar til bokmålversjonen når du klikkar på ”Bokmål” i menyen øvst til høgre.

Tilbakemelding

Her kan du gje Kommunal- og regionaldepartementet tilbakemelding om korleis du synest sidene fungerer. Har du kommentarar, merknader, ris eller ros eller forslag til korleis valresultatsidene kan gjerast betre, skriv gjerne ein e-post til oss. Vi gjer merksam på at vi ikkje har høve til å svare på dei meldingane departementet får.
[Til toppen]

Val