| |
Hjelp for valresultatsidene 2005Førstesida - landsoversynDenne sida viser grafisk eit landsoversyn for stortingsvalet. Valresultata blir vist samla etter parti/lister i heile landet basert på dei røystene som til kvar tid er opptalde. Sist oppdatert: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert kvart 5. minutt. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren. Prognose 2005: Grafen viser det resultatet ein ventar basert på dei opptalde røystene på landsbasis til einkvar tid. Landsoversyn - stortingsvaletDenne tabellen viser valresultatet for heile landet. Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert kvart 5. minutt. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren. Tabellen øvst: Godkjente røystegjevingar vs godkjente røystesetlar: For at ein veljar skal få godkjent røystegjevinga si må veljaren ha rett til å røyste. Reglane for røysterett står i vallova kapittel 2. Når røystegjevinga blir godkjent blir veljaren kryssa av i manntalet. Vilkåra for å godkjenne røystegjevingar står i vallova §§ 10-1 og 10-2. Godkjente røystegjevingar er utgangspunktet når ein reknar ut valdeltakinga. Når røystegjevinga er godkjent kontrollerer valstyret om sjølve røystesetelen kan godkjennast. Krava til godkjenning går fram av vallova § 10-3. Er krava i lova oppfylt, blir røystesetelen godkjent. Dersom røystesetelen ikkje oppfyller krava blir den forkasta. Også blanke røystesetlar må etter lova forkastast. Sjølv om røystesetelen blir forkasta, blir den talt med når ein reknar ut valdeltakinga. Alle godkjente røystesetlar + alle forkasta røystesetlar (inkl. blanke) er ikkje alltid lik talet på godkjente røystegjevingar. Grunnen til dette er: I nokre tilfeller vel veljaren likevel ikkje å røyste og leverer ikkje røystesetel i det heile tatt (sjølv om vedkomande er blitt kryssa av i manntalet). I andre tilfelle leverer veljar ein tom konvolutt. Alle godkjente røystesetlar blir fordelte på de ulike vallistene og er utgangspunktet for kor mange mandat den enkelte liste skal ha og kva kandidatar som får plassane. Forklaring til tabelloverskrifter: Prognosar: Ein prognose viser det sluttresultatet ein ventar når alle røystene er opptalde. Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Av desse er 150 distriktsrepresentantar og 19 utjamningsrepresentantar (eit pr fylke). Distriktsrepresentantane skal fordelast slik på dei ulike fylka, jf. Grunnlova § 58: Østfold fylke 9, Oslo 17, Akershus fylke 16, Hedmark fylke 8, Oppland fylke 7, Buskerud fylke 9, Vestfold fylke 7, Telemark fylke 6, Aust-Agder fylke 4, Vest-Agder fylke 6, Rogaland fylke 13, Hordaland fylke 15, Sogn og Fjordane fylke 5, Møre og Romsdal fylke 9, Sør-Trøndelag fylke 10, Nord-Trøndelag fylke 6, Nordland fylke 10, Troms fylke 7 og Finnmark fylke 5. Riksvalstyret fordelerutjamningsmandata. %-vis fordeling: Viser kor stor prosentdel av representantplassane det aktuelle partiet eller den aktuelle gruppa ser ut til å kunne få på landsbasis når alle røystene er opptalde. Kor mange mandat: Viser kor mange distriktsmandat av distriktsrepresentantplassane det aktuelle partiet eller den aktuelle gruppa ser ut til å kunne få på landsbasis når alle røystene er opptalde. Av desse utjamningsmandat: Viser kor mange utjamningsmandat det aktuelle partiet eller den aktuelle gruppa ser ut til å kunne vinne. Desse mandata er og tekne med under "kor mange mandat". Der er berre parti som ligg an til å få meir enn 4% av røystene på landsbasis som vert reikna med her. Grafisk visingSida kan visast grafisk. Klikk på Grafisk vising i menyen øvst til høgre. Prognose 2005: Grafen viser det resultatet ein ventar basert på dei opptalde røystene på landsbasis til einkvar tid. Enkeltresultat, resultat for fylkeDenne tabellen viser valresultatet i det oppgitte fylket. Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultatn For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren. Tabellen øvst: Godkjente røystegjevingar vs godkjente røystesetlar: For at ein veljar skal få godkjent røystegjevinga si må veljaren ha rett til å røyste. Reglane for røysterett står i vallova kapittel 2. Når røystegjevinga blir godkjent blir veljaren kryssa av i manntalet. Vilkåra for å godkjenne røystegjevingar står i vallova §§ 10-1 og 10-2. Godkjente røystegjevingar er utgangspunktet når ein reknar ut valdeltakinga. Når røystegjevinga er godkjent kontrollerer valstyret om sjølve røystesetelen kan godkjennast. Krava til godkjenning går fram av vallova § 10-3. Er krava i lova oppfylt, blir røystesetelen godkjent. Dersom røystesetelen ikkje oppfyller krava blir den forkasta. Også blanke røystesetlar må etter lova forkastast. Sjølv om røystesetelen blir forkasta, blir den talt med når ein reknar ut valdeltakinga. Alle godkjente røystesetlar + alle forkasta røystesetlar (inkl. blanke) er ikkje alltid lik talet på godkjente røystegjevingar. Grunnen til dette er: I nokre tilfeller vel veljaren likevel ikkje å røyste og leverer ikkje røystesetel i det heile tatt (sjølv om vedkomande er blitt kryssa av i manntalet). I andre tilfelle leverer veljar ein tom konvolutt. Alle godkjente røystesetlar blir fordelte på de ulike vallistene og er utgangspunktet for kor mange mandat den enkelte liste skal ha og kva kandidatar som får plassane. Forklaring til tabelloverskrifter: Prognosar: En prognose viser det sluttresultatet ein ventar når alle røyster er opptalde. Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Av desse er 150 distriktsrepresentantar og 19 utjamningsrepresentantar (eit pr fylke). Distriktsrepresentantane skal fordelast slik på dei ulike fylka, jf. Grunnlova § 58: Østfold fylke 9, Oslo 17, Akershus fylke 16, Hedmark fylke 8, Oppland fylke 7, Buskerud fylke 9, Vestfold fylke 7, Telemark fylke 6, Aust-Agder fylke 4, Vest-Agder fylke 6, Rogaland fylke 13, Hordaland fylke 15, Sogn og Fjordane fylke 5, Møre og Romsdal fylke 9, Sør-Trøndelag fylke 10, Nord-Trøndelag fylke 6, Nordland fylke 10, Troms fylke 7 og Finnmark fylke 5. Riksvalstyret fordelerutjamningsmandata.
%-vis fordeling: Viser kor stor prosentdel av representantplassane det aktuelle partiet eller gruppa ser ut til å kunne få i det oppgitte fylket når alle røystene er opptalde. Stortingsmandat Grafisk visingSida kan visast grafisk. Klikk på Grafisk vising i menyen øvst til høgre. Prognose 2005: Grafen viser det resultatet ein ventar basert på dei opptalde røystene i det aktuelle fylket til einkvar tid. Enkeltresultat, resultat for kommuneDenne tabellen viser valresultatet i den oppgitte kommunen. Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren. Tabellen øvst: Godkjente røystegjevingar vs godkjente røystesetlar: For at ein veljar skal få godkjent røystegjevinga si må veljaren ha rett til å røyste. Reglane for røysterett står i vallova kapittel 2. Når røystegjevinga blir godkjent blir veljaren kryssa av i manntalet. Vilkåra for å godkjenne røystegjevingar står i vallova §§ 10-1 og 10-2. Godkjente røystegjevingar er utgangspunktet når ein reknar ut valdeltakinga. Når røystegjevinga er godkjent kontrollerer valstyret om sjølve røystesetelen kan godkjennast. Krava til godkjenning går fram av vallova § 10-3. Er krava i lova oppfylt, blir røystesetelen godkjent. Dersom røystesetelen ikkje oppfyller krava blir den forkasta. Også blanke røystesetlar må etter lova forkastast. Sjølv om røystesetelen blir forkasta, blir den talt med når ein reknar ut valdeltakinga. Alle godkjente røystesetlar + alle forkasta røystesetlar (inkl. blanke) er ikkje alltid lik talet på godkjente røystegjevingar. Grunnen til dette er: I nokre tilfeller vel veljaren likevel ikkje å røyste og leverer ikkje røystesetel i det heile tatt (sjølv om vedkomande er blitt kryssa av i manntalet). I andre tilfelle leverer veljar ein tom konvolutt. Alle godkjente røystesetlar blir fordelte på de ulike vallistene og er utgangspunktet for kor mange mandat den enkelte liste skal ha og kva kandidatar som får plassane. Forklaring til tabelloverskrifter: Valresultata blir innrapporterte krinsvis i kommunane Bergen, Stavanger, Trondheim og Oslo. Framande ikkje fordelt på krins: Røyster frå veljarar som på valdagen røysta i ein annan krins enn der dei stod i manntalet. StortingsprognoseStortingsprognosen viser det sluttresultatet ein ventar når alle røystene er opptalde. Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren. Tabellen øvst: Forklaring til tabelloverskrifter: Prognosar: Ei prognose viser det sluttresultatet ein ventar når alle røyster er opptalde. Prognostisert mandatfordeling etter fylke: Viser kor mange mandat kvar liste får, fordelte på fylka når alle røystene er opptalde. Fordelinga kan endre seg etter kvart som faktiske valresultat blir innrapporterte frå kommunane. Grafisk visingSida kan visast grafisk. Klikk på Grafisk vising i menyen øvst til høgre. Prognose 2005: Grafen viser den mandatfordelinga ein ventar basert på dei opptalde røystene på landsbasis til einkvar tid. RepresentantprognoseStortingsprognosen viser det sluttresultatet ein ventar når alle røystene er opptalde. Denne tabellen viser namn på dei representantane som ser ut til å komme inn på Stortinget frå det oppgitte fylket. Fordelinga av mandattalet til kvart parti kan bli endra etter kvart som faktiske valresultat blir innrapporterte frå kommunane. Såleis kan også kandidatnamna endre seg. Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren. Tabellen øvst: Grafisk visingSida kan visast grafisk. Klikk på Grafisk vising i menyen øvst til høgre. Prognose 2005: Grafen viser kor mange mandat ein ventar at det aktuelle fylket får, basert på dei opptalde røystene til einkvar tid. FrammøteSida viser kva kommunar som har høgest frammøte (valdeltaking), og kva kommunar som har lågaste frammøte (valdeltaking) på landsbasis. Vær merksam på at sidene ikkje vil vise noko resultat før det er kome inn nok data til at eit oversyn kan lagast. Siste registrering: Viser når dei siste resultata kom inn. Oppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata, trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren. Tabellen øvst: Endring frå -01: Viser prosentvis framgong eller tilbakegong i valdeltakinga for den aktuelle kommunen i høve til stortingsvalet i2001. Grafisk visingSida kan visast grafisk. Klikk på Grafisk vising i menyen øvst til høgre. Prognose 2001: Grafen viser det resultatet ein ventar basert på dei opptalde røystene til einkvar tid. Andre emneForklaring til fargekodaneIngen rapportar er mottekne : Oppteljinga held på, det er ikkje rapportert inn resultat enno. Berre førehandsrøyster opptalde: Oppteljinga i kvar kommune blir gjort kvar for seg når det gjeld førehandsrøyster og valgtingsrøyster. Viser at det berre er motteke rapport om kor mange førehandsrøyster som er opptalde. Valtingsrøystene står att. Det vil seie at oppteljinga held på. Nokre få røyster står att: Betyr at nokre få røyster ikkje er rapportert inn. Både førehandsrøyster og valtingsrøyster er her talt opp ein gong (blir kalla førebels oppteljing). Nokre røyster må leggjast til side valdagen for å teljast etter førebels oppteljing. Alle kommunar skal til slutt gjennom ei finteljing av alle røystene. Når desse siste røystene er rapportert inn, endrar oppteljngstatus seg til 100%. 100 % opptalt: Alle røystene er opptalde og rapporterte inn. SøkjefunksjonI søkjefeltet nedst kan du skrive inn namn på fylke eller kommune (krins). Dersom du til dømes skriv Nor, får du opp ei liste med alle fylke, kommunar (eventuelt krinsar) som byrjar på Nor. Du kan også bruke funksjonen nedst i biletet til å velje fylke direkte og deretter kommune Søkefunksjonen krev at du harjavascript aktivt i din nettlesar og at du tillet køyring av aktiv innhald. HeimfunksjonSame kva tabell eller bilete du er, vil du komme tilbake til førstesida/hovudsida når du klikkar på logoen øvst i venstre hjørne Forkortingar parti og listerI alle tabellar er namnet på alle parti og lister forkorta. Kva som skjuler seg bak forkortinga, får du fram når du klikkar på "Forklaring til listeforkortingar" i tabellane. Du får fram eit oversyn over alle parti og grupper som stiller liste ved stortingsvalet 2005. Somme parti og grupper stiller liste i alle fylke, andre berre i visse fylke. Det går fram av fylkesoversynet kva parti og grupper som stiller i fylket. Oppdater/RefreshOppteljinga blir oppdatert når det kjem inn nye resultat. For å vere sikker på at du får dei ferskaste resultata trykkjer du på oppdater/refresh-knappen i nettlesaren. Grafisk visingPå somme sider har du høve til å sjå resultata grafisk. Klikk på Grafisk vising i menyen øvst til høgre. BokmålDu skiftar til bokmålversjonen når du klikkar på Bokmål i menyen øvst til høgre. TilbakemeldingHer kan du gje Kommunal- og regionaldepartementet tilbakemelding om korleis du synest sidene fungerer. Har du kommentarar, merknader, ris eller ros eller forslag til korleis valresultatsidene kan gjerast betre, skriv gjerne ein e-post til oss. Vi gjer merksam på at vi ikkje har høve til å svare på dei meldingane departementet får. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||