Utval skal vurdere samvitsfridom i det norske arbeidslivet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Nr: 1 | Dato: 13.03.2015
Regjeringa set ned eit utval som skal vurdere den einskilde sin samvitsfridom ved utføring av arbeidsoppgåver.
Kongen i statsråd oppnemnde 13. mars eit offentleg utval som skal sjå på etiske, praktiske og rettslege forhold rundt tanke- og samvitsfridomen ved utføring av arbeidsoppgåver. Professor Bjørn Kåre Myskja skal leie utvalet, som er sett saman av personar med kompetanse innan etikk, jus og menneskerettar.
–Eit viktig formål med utvalet er at dei skal bidra til å sjå nærare på potensielt vanskelege etiske problemstillinger i arbeidslivet og gi praktisk hjelp for verksemder, arbeidstakarar og tillitsvalde, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.
Utgangspunktet for arbeidet i utvalet er den konflikten som kan oppstå mellom den einskilde sitt samvit og dei oppgåver som ein kan bli pålagt som arbeidstakar. Utvalet skal greie ut etiske og praktiske forhold rundt tanke- og samvitsfridomen i arbeidslivet generelt. Dei skal legge fram ein brei analyse av den plass samvitsfridomen har, og skal ha, i norsk arbeidsliv.
Utvalet skal utgreie norsk og internasjonal rett på området, og vurdere om og i kva grad arbeidstakarar kan gjere gjeldande samvitsfridom ved utøving av arbeidsoppgåver.
Utgreiinga skal leggjast fram innan 1. september 2016.
Mandat
Samansetting av utvalet
Bjørn Kåre Myskja, professor ved NTNU (leiar)
Tine Eidsvaag, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen
Morten Magelssen, lege og forskar ved Senter for medisinsk etikk, Universitetet i Oslo
Ingvill Thorson Plesner, seniorrådgjevar ved Norsk senter for menneskerettigheter, Universitetet i Oslo
Einar Øverenget, filosof, førsteamanuensis ved Høgskolen i Hedmark og leiar av ACTIVA Humanistisk Akademi