Satsar på det nye fylkesvegnettet
Fylka får 6,9 milliardar kroner ekstra for å overta 17 200 km riksveg og 78 ferjesamband
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 64/09 | Dato: 15.05.2009
– Fylkeskommunane vil frå 1. januar 2010 bli den nye store vegeigaren i Noreg. Regjeringa legg no fram eit økonomisk opplegg som set fylka i stand til å løyse denne oppgåva. Fylka vil få betydeleg meir midlar til dette enn det staten brukar på same vegnettet i 2009, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
– Fylkeskommunane vil frå 1. januar 2010 bli den nye store vegeigaren i Noreg. Regjeringa legg no fram eit økonomisk opplegg som set fylka i stand til å løyse denne oppgåva. Fylka vil få betydeleg meir midlar til dette enn det staten brukar på same vegnettet i 2009, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunane vil etter overføringa vere den store vegeigaren med ansvar for eit vegnett på om lag 44 000 kilometer, medan det statlege vegnettet vil vere på om lag 10 000 kilometer. Det blir elles lagt opp til at fylkeskommunane frå same dato skal overta ansvaret for i alt 78 riksvegferjesamband.
- Etter overføringa vil det frå 1. januar 2010 vere 106 fylkesvegferjesamband og 17 riksvegferjesamband: Detaljert fylkesvis oversikt over vegar og ferjesamband - Kart - vegstatus 1. januar 2010
For å løyse denne oppgåva vil fylka bli tilført midlar tilsvarande det staten brukte på dette vegnettet i 2009. I tillegg er det lagt inn ein auke i dei frie midlane til fylkeskommunane på 1,5 milliardar kroner. I dette beløpet inngår ein milliard kroner som regjeringa føreslår for å styrkje rammene til fylkesvegane utover dagens nivå. Fylka vil òg kunne bruke av veksten utover dette til å satse på samferdsel.
Det er i Nasjonal transportplan (NTP) varsla at fylkeskommunane vil få tilgang til ei rentekompensasjonsordning med ramme på to milliardar kroner årleg. Det er òg i NTP varsla at det årleg skal brukast 500 millionar kroner på rassikring på det fylkeskommunale vegnettet. Dette kjem i tillegg til dei overførte midlane og veksten i dei frie inntektene.
I NTP er det føresett at fylkeskommunane skal finansiere prosjektet ”Nasjonale turistvegar”. Etter ei heilskapleg vurdering er ein kome til at Statens vegvesen skal finansiere denne satsinga. Det utgjer om lag 100 millionar kroner årleg. Desse midlane er ikkje trekte ut frå ramma til fylkeskommunane og er såleis ei ytterlegare styrking i høve til det som var varsla i NTP.
– Det er store utfordringar knytt til det vegnettet som fylkeskommunane får ansvaret for frå 1. januar. Det vil framleis vere eit statleg ansvar å setje fylka i økonomisk stand til å løyse denne oppgåva. Gjennom auka løyvingar, rentekompensasjonsordninga, og statlege midlar til nasjonale turistvegar og rassikring på fylkesvegnettet vil fylka ha gode føresetnadar for å løyse oppgåva dei har fått.
Midlane er fylkesfordelte etter desse kriteria:
• veglengde
• vegstandard
• befolkning
• bindingar.
I tillegg har ein fordelt om lag 200 millionar kroner etter skjønn for å rette opp uønskte utslag i fylkesfordelinga. Ein har mellom anna teke omsyn til at Oslo har særlege utfordringar knytt til bruk av desse midlane til kollektivtiltak, og i Hordaland har ein teke omsyn til ønsket om å vidareføre Bergensprogrammet.
Fylka får i tillegg samla 117 millionar kroner til fleire stillingar som følgje av dei overførde oppgåvene frå ulike departement. Ein vesentleg del av dette kan nyttast til dømes til å styrke bestillarkompetansen i fylka og til overordna planlegging innan veg og kollektivtrafikk.
Ei særskilt utfordring ved overføringa, er at nokre fylkeskommunar har særleg store bindingar knytt til oppstarta prosjekt som ikkje er ferdige. Dette har ein teke høgde for i fylkesfordelinga, og ein vil òg ta omsyn til det når ein skal utforme nærare retningsliner for rentekompensasjonsordninga.
Denne fylkesfordelinga vil gjelde for dei neste fire åra. Det blir utarbeidd ein eigen kostnadsnøkkel i inntektssystemet som vil gjelde frå 2014.
Omklassifisering av vegnettet og overføring av ansvar for ferjesamband – nokre nøkkeltal
Riksvegnettet frå 1. januar 2010: • Om lag 17 000 kilometer ”øvrige riksvegar” kilometer blir omklassifisert til fylkesveg Fylkesvegnett i 2009: Fylkesvegnett frå 1. januar 2010: Riksvegferjesamband i 2009: Riksvegferjesamband frå 1. januar 2010: • 78 ferjesamband på ”øvrig riksvegnett” blir overført til fylkeskommunane Fylkesvegferjesamband i 2009: Fylkesvegferjesamband frå 1. januar 2010:
|
For fleire opplysningar – sjå:
- St.prp. nr. 72 (2008-2009) Om nokre saker på Samferdselsdepartementets område
- Ot.prp. nr. 68 (2008-2009) om lov om overføring av rettigheter og forpliktelser ved omklassifisering av veg etter veglova, § 62 tredje ledd (gjennomføring av forvaltningsreformen) og Lov om endringar i veglova 21. juni 1963 nr. 23 og vegtrafikklov 18. Juni 1965 nr. 4 (gjennomføring av forvaltningsreformen)
- St.prp. nr. 68 (2008-2009) Kommuneproposisjonen 2010
- Fylkesfordeling av kilometer veg og midler til investeringar, drift og vedlikehald av det nye fylkesvegnettet og fylkesvegferjene (pdf)
- Kart: Vegstatus etter 1. januar 2010 - riksvegar og riksvegar som blir fylkesvegar (pdf)
- Fylkesvis oversikt: Forslag til omklassifisering av vegnett og overføring av ansvar for ferjer i vegnettet (pdf)