Nordisk samarbeid innan helse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 77/2012 | Dato: 11.06.2012
Dei fem nordiske statsministrane er samde om å samarbeide tettare innan helse.
Dei fem nordiske statsministrane er samde om å samarbeide tettare innan helse.
Dette kom fram under det nordiske statsministermøtet på Hurtigruten sundag.
- Dei nordiske landa står overfor mange felles helseutfordringar. Vi har eit stort potensiale for å utvida og forsterka nordisk samarbeid innan helse. Målet er å utvikle konkrete samarbeidsprosjekt som kan kome alle dei 25 millionar innbyggjarane i Norden til gode, seier dei fem nordiske statsministrane.
Mellom anna ser ein for seg å samarbeida innan utprøving av nye behandlingsmetodar og legemiddel, samarbeid om høgspesialisert medisin og forsking på helse og velferd.
Den beste måten å få prøve ut om nye behandlingsmetodar og medisinar er effektive og trygge, er å gjennomføre vitskaplege studiar på store pasientgrupper.
- Dette vil gje betre kvalitet, pasienttryggleik og helse. Vi innleiier no eit treårig nordisk samarbeid om klinisk testing. Dette vil òg gjere det mogeleg å gjennomføre studiar på til dømes sjeldne kreftsjukdomar i Norden, seier statsministrane.
Eit tettare samarbeid om høgspesialisert medisin kan sikre betre kvalitet i tenestene enn kva kvart einskild land kan oppnå kvar for seg. Tiltak på dette feltet kan blant anna inkludere eit system som gjev høve til fornya vurdering i eit anna nordisk land. Dette kan bidra både til høg kvalitet på tenestene, pasienttryggleik og kostnadseffektivitet.
Ein ser vidare for seg å utvikle det nordiske samarbeidet om helse og velferd. Dette kan gje ny verdifull kunnskap som kan bidra til å redusere ulikskapane i helse i Norden.
Statsministrane vil be helseministrane i dei nordiske landa om å utarbeide konkrete framlegg til vidareutvikling av helsesamarbeidet og rapportere om dette til det neste nordiske statsministermøtet i oktober.