Historisk arkiv

Invitasjon til å delta i "Saman om ein betre kommune"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunalministeren, KS og forhandlingssamanslutningane inviterer i dag kommunane til å delta i utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune”. Programmet skal støtte lokale tiltak retta mot redusert sjukefråver, mindre ufrivillig deltid, styrka kompetanse og betre omdømme.

Kommunalministeren, KS og forhandlingssamanslutningane inviterer i dag kommunane til å delta i utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune”. Programmet skal støtte lokale tiltak retta mot redusert sjukefråver, mindre ufrivillig deltid, styrka kompetanse og betre omdømme.

- Vi ønskjer å stimulere kommunane til gode lokale prosjekt på desse viktige områda. Slik kan dei skape endå betre tenester til innbyggjarane sine. Som deltakar i ”Saman om ein betre kommune” vil ein kunne styrke kommunen sitt utviklingsarbeid, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Eit hovudformål med programmet er at det skal medverke til nasjonal fornying. Programmet skal systematisere ny kunnskap frå dei lokale tiltaka som kan spreiast til andre norske kommunar.

Deltakarkommunane vil få tilgong til ressursmiljø og eit fagleg fellesskap med andre kommunar. Det er også aktuelt med økonomisk støtte til gjennomføring av prosjektarbeidet. 

Kommunane må sikra god lokal forankring av arbeidet blant folkevalde, administrative leiarar og medarbeidarar/tillitsvalde.

- Vi vil velje ut kommunar med ein sterk motivasjon, tydelege mål og konkrete tiltak til å delta i programmet, seier Liv Signe Navarsete.

Programmet startar opp andre halvår 2011. Kommunar kan gå i lag om prosjekt og fremje felles søknad.

Søknaden skal fyllast ut etter ein oppsett mal som er tilgjengeleg på Kommunal- og regionaldepartementet sine nettsider, www.regjeringen.no/krd. Søknadsfrist er sett til 15. juni 2011.

De kan lese meir om programmet på desse nettsidene.