Historisk arkiv

Nye finansreglar for kommunane trer i kraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ny forskrift for finansforvaltinga i kommunar og fylkeskommunar trer i kraft 1. juli. – Kommunar handterer fellesskapet sine verdiar. Det må dei gjere på ein klok måte, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Ny forskrift for finansforvaltinga i kommunar og fylkeskommunar trer i kraft 1. juli. – Kommunar handterer fellesskapet sine verdiar. Det må dei gjere på ein klok måte, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunesektoren har hatt eit år på seg til å innrette seg etter den nye forskrifta som blei fastsett 9.juni i fjor. Regelverket blei stramma inn mellom anna på grunn av den såkalla Terra-skandalen som ramma åtte norske kommunar.

- Når kommunar tapar pengar som gjennom Terra-skandalen, svekkjer det tilliten til lokaldemokratiet. Lokalpolitikarane har ansvaret for å forvalte midlane ut i frå omsynet til gode og stabile velferdstenester. Gode finansreglement i kommunane er viktig for å få til ei forsvarleg forvalting, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Føresegna regulerar korleis kommunar og fylkeskommunar kan plassere ledig likviditet og forvalte gjeldsportefølja. Alle kommunar skal no ha vedteke eit nytt reglement i tråd med krava i den nye forskrifta.

- Kommunane har i dag fridom til å forvalte sine midlar så lenge dei ikkje tek vesentleg risiko. Eg ynskjer lokalpolitikarar som er bevisst det ansvaret dei har for å forvalte våre felles midlar på ein god måte. Innstrammingane i den nye forskrifta bidreg til dette, seier Navarsete.

Etter den nye føresegna må kommunane og fylkeskommunane utarbeide og vedta sitt eige finansreglement minst ein gong kvar kommunestyre- eller fylkestingsperiode. Den nye føresegna presiserer at finansforvaltinga til kommunane må vere i tråd med eigen kunnskap på feltet. Krava til rapportering frå kommunestyret og fylkestinget er styrkt. Forskrifta presiserer ansvarsdelinga mellom lokalpolitikarane og administrasjonen og gjer samstundes kravet til risikovurderingar og risikohandtering enda tydlegare.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.