Beredskapslagring av tre månaders normalforbruk av smittevernutstyr

Helse- og omsorgsdepartementet har forskriftsfesta at kommunar, fylkeskommunar og regionale helseføretak skal sørge for beredskapslagring av personleg verneutstyr for helse- og omsorgstenesta tilsvarande tre månaders normalforbruk.

Plikta er avgrensa til hanskar, munnbind, åndedrettsvern, smittefrakkar eller heildekkande drakt, og dessutan briller eller visir. Lagringsplikta skal ikkje gjelde utstyr som verksemda i ein normalsituasjon ikkje har eit forbruk av. Utstyret skal bli lagra i Noreg.

Ei forskriftsfesta plikt til lokale og regionale lager av smittevernutstyr skal sikre ein buffer for forsyningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta, spesialisthelsetenesta og tannhelsetenesta i situasjonar som kan forårsake avbrot i ordinære forsyningslinjer til landet.

Ei forskriftsregulering styrker beredskapen og gir auka handlingsrom til å finne formålstenlege løysingar ved pandemi og andre helsekrisar. Sikker tilgang på smittevernutstyr gir auka tryggleik for både tilsette i helse- og omsorgstenesta, pasientar og pårørande.

Plikta gjeld frå 1. januar 2026, og er ei presisering av den plikta som allereie i dag gjeld om å sikre tilfredsstillande tilgang til viktig utstyr.