Ei betre og utvida kompensasjonsordning for kulturlivet på høyring

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

– I forslaget til kompensasjonsordning som vi no sender ut på høyring, har vi forsøkt å vareta dei meldingane vi har fått frå bransjen undervegs. Målet er at ordninga no skal vere meir treffsikker og føreseieleg enn tidlegare. No vil vi ha høyringsinnspel frå heile sektoren. Det er viktig for regjeringa at heile bransjen blir omfatta av gode ordningar, slik at både kunstnarar, kulturarbeidarar og publikum kan vende tilbake til eit styrkt kulturliv så snart som mogleg, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Kompensasjonsordninga for kultursektoren er ei mellombels ordning som skal kompensere arrangørar og underleverandørar i kultursektoren for tap dersom dei må avlyse, stengje eller nedskalere kulturarrangement som følgje av råd eller pålegg frå offentlege styresmakter i samband med koronapandemien.

Ordninga er gjord betre på denne måten:

  • Både arrangørar og underleverandørar kan, frå 1. november, søkje kompensasjon for tapt omsetning frå kulturarrangement.
  • Det kan søkjast på bakgrunn av gjennomsnittsinntekt i perioden 2017–2019.
  • Det blir foreslått ein kompensasjonsgrad på 70 prosent.
  • Det vil vere mogleg å ha overskot i selskapet i kompensasjonsperioden, men ikkje å ta ut utbytte.
  • Saksbehandlingskapasiteten i Kulturrådet er styrkt med 12 nye stillingar, i tillegg blir forvaltninga av kompensasjonsordninga flytta til Lotteri- og stiftelsestilsynet for å avlaste Kulturrådet.

– Vi har mellom anna bestemt at ein no skal få kompensasjon på bakgrunn av tapt omsetning i staden for uunngåelege kostnader. Denne endringa tar høgd for at mange kulturbedrifter har ein økonomi der stor inntening i høgsesong finansierer ulike utgifter i rolegare periodar av året. No oppfordrar eg alle til å kome med innspel, seier kultur- og likestillingsministeren.

Arbeidsmengda for saksbehandlarane i Kulturrådet har vore enorm. Av kapasitetsomsyn blir forvaltningsansvaret for kompensasjonsordninga flytta frå Kulturrådet til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Målet er å redusere saksbehandlingstida både i kompensasjonsordninga og i stimuleringsordninga for kultursektoren, og dermed skape større føreseielegheit for kultursektoren, forklarer kultur- og likestillingsministeren.

Kulturdepartementet tar sikte på å arrangere eit høyringsmøte 7. januar, og høyringsfristen er 11. januar kl. 1500. Deretter må ESA godkjenne utkastet før forskrifta kan tre i kraft. På grunn av statsstøttereglane gjeld forskrifta i første omgang fram til 28. februar 2022, men etter det vil ordninga gjelde i ein ny periode fram til 30. juni 2022.

Her finn du høyringssaka med utkast til forskrift: