Statsbudsjettet 2024

Personskatt: Endringar som bidreg til at folk får meir igjen av å arbeide

Regjeringa foreslår moderate justeringar i personskatten for 2024. Personar med låge og middels inntekter får redusert eller om lag uendra inntektsskatt, mens personar med dei høgaste inntektene får auka inntektsskatten sin noko.

Samla vert inntektsskatten for personar redusert med 400 millionar kroner. Innanfor dette har regjeringa prioritert fordeling og verdiskaping.

– Endringane bidreg både til utjamning og til at folk får meir igjen av å arbeide. Om lag 85 prosent av skattytarane får redusert eller om lag uendra inntektsskatt, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Regjeringa har over tid prioritert å auke personfrådraget, som er eit botnfrådrag i inntektsskatten. Det betyr mest for dei med låge inntekter. Mens personfrådraget var 52 450 kroner i 2021, vert det 88 250 kroner i 2024.

Samtidig har regjeringa prioritert å redusere trygdeavgifta på løn og næringsinntekt. Det har gjort at lønstakarar og næringsdrivande med låg og middels inntekt får meir igjen av å arbeide. Trygdeavgifta på løn var 8,2 prosent i 2021 og vert 7,8 prosent i 2024. Trygdeavgifta på næringsinntekt er redusert like mykje.

– Det skal løne seg å jobbe, både for lønstakarar og sjølvstendig næringsdrivande. Dette er tredje året på rad at vi reduserer trygdeavgifta, påpeikar finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Personar som bur i Finnmark og Nord-Troms, har enkelte eigne skattereglar. I 2023 har dei eit ekstra frådrag i inntekta (finnmarksfrådrag), lågare trinnskatt i trinn 3 (inntekt over 643 000 kroner) og lågare skatt på alminneleg inntekt. Regjeringa foreslår å auke finnmarksfrådraget til 30 000 kroner, samtidig som trinnskatten blir lik for heile landet. Det gjev samla sett lågare skatt for personar med låg og middels inntekt og enklare skattereglar.  

– Når finnmarksfrådraget no aukar til 30 000 kroner, er det nær dobla under denne regjeringa. Med dette følgjer vi opp distriktsmeldinga og tidlegare tiltak, som gratis barnehage og raskare sletting av studielån. At folk lever gode liv i Finnmark, er både bra distriktspolitikk og klok sikkerheitspolitikk, seier Vedum.

Auka trinnskatt i trinn 3 til 5 dekkjer inn delar av kostnaden ved å redusere trygdeavgifta. Minstefrådraget vert uendra. I formuesskatten vert verdsetjinga av næringseigedommar utanfor storbyane redusert slik at verdiane vert meir i tråd med marknadsverdiar. Det er ingen endringar i utbyteskatten.

Les meir i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024, kapittel 1, 3 og 4.

Sjå òg eigne pressemeldingar om frådrag i inntektsskatten og berekningsmetode for næringseigedom i formuesskatten.

Skatteendringar sidan 2021

Medrekna regjeringas forslag for 2024 er mellom andre desse endringane gjort i skatten for personar sidan 2021:

Inntektsskatt

  • Personfrådraget er auka frå 52 450 til 88 250 kroner.
  • Trygdeavgifta er redusert frå 8,2 til 7,8 prosent for løn og trygd, og frå 11,4 til 11,0 prosent for næringsinntekt.
  • Innslagspunktet for å måtte betale skatt av pensjon er auka frå om lag 218 700 til 262 500 kroner.
  • Fagforeiningsfrådraget er meir enn dobla, frå 3 850 til 8 000 kroner.
  • Reisefrådraget er auka. Nedre grense for å få frådrag er redusert frå 23 900 til 14 950 kroner. Kilometersatsen er auka frå 1,56 til 1,76 kroner per kilometer for årleg reiseavstand under 50 000 kilometer og frå 0,76 til 1,76 kroner per kilometer over dette.
  • Finnmarksfrådraget er nær dobla, frå 15 500 til 30 000 kroner.
  • Trinnskatten er halden uendra på dei lågaste inntektene (trinn 1 og 2) og auka med 0,4 prosenteiningar på høgare inntekter (trinn 3 og 4), tilsvarande reduksjonen i trygdeavgifta. Eit nytt trinn 5 med høgare skattesats for dei aller høgaste inntektene er innført frå 2022.
  • Aksjeutbyte og -gevinstar som om lag tilsvarar risikofri rente er skattefrie på eigarens hand (skjermingsfrådrag). Skatten på overskytande aksjeinntekt er auka frå om lag 31,7 til 37,8 prosent på eigarens hand.
  • Skatten på alminneleg inntekt er halden uendra på 22 prosent.

Formuesskatt

  • Botnfrådraget i formuesskatten er auka frå 1,5 til 1,7 millionar kroner (frå 3,0 til 3,4 millionar kroner for ektepar, som vert skattlagde under eitt for felles formue).
  • Formuesskattesatsen er auka frå 0,85 til 1,0 prosent. Eit trinn 2 for formue over 20 millionar kroner er innført frå 2022 (40 millionar kroner for par), med sats på 1,1 prosent no.
  • Verdsetjinga av aksjar er auka frå 55 til 80 prosent av marknadsverdi, i tråd med Stortingets skatteforlik i 2016.