§ 77 nr. 2: Valgbarhet ved små stillingsbrøker

Sak 11/2278

Vi viser til e-post av 14. oktober 2011.

Kommunelova § 77 nr. 2 fastset at ”ansatte i kommunen” er utelukka frå val til
kontrollutvalet. Departementet legg til grunn at dette omgrepet må tolkast slik at det
omfattar alle som har eit slikt forhold til kommunen at dei kan reknast å ha kommunen
som arbeidsgjevar, sjølv om dette ikkje kan seiast å vere hovudarbeidet til vedkomande.
Det har ikkje noko å seie om det er tale om ein liten stillingsbrøk.