Prop. 9 L (2023–2024)
Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2024)
Tilråding frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet 3. november 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
I proposisjonen blir det fremma forslag om endringar i folketrygdlova til oppfølging av forslaget til statsbudsjettet 2024 for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, i hovudsak i regelverket om dagpengar under arbeidsløyse. I tillegg blir det fremma forslag om endringar i retten til barnetillegg til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd når barnet har eiga inntekt. Det blir også fremma endringar som inneber presiseringar, feilrettingar og lovtekniske justeringar i folketrygdlova og enkelte andre lover.