Rundskriv V-10 N/2006

NOU 2006: 2 Om staten og Den norske kyrkja

NOU 2006: 2 Om staten og Den norske kyrkja

Dei kyrkjelege fellesråda
Sokneråda
Presteskapet
Kommunane

Nr.

Vår ref

Dato

V-10 N/2006

2006/00296 KiF ILA

15.02.2006

NOU 2006: 2 Om staten og Den norske kyrkja

Det offentlege utvalet som i 2003 vart oppnemnt for å vurdere alle sider ved statskyrkjeordninga, leverte si tilråding til kultur- og kyrkjeministeren den 31. januar 2006, jf. NOU 2006:2 Staten og Den norske kirke.

Med bakgrunn i utgreiinga frå Stat – kyrkje-utvalet, ønskjer departementet at det i tida framover kan gå føre seg eit breitt og opent ordskifte om korleis relasjonane mellom staten og Den norske kyrkja bør vere i framtida. Utgreiinga vil i løpet av våren 2006 bli send på brei høyring til kommunane, sokneråda, dei kyrkjelege fellesråda og fleire andre instansar. Departementet vil komme tilbake til opplegget for høyringa, fristen for høyringa m.m.

Stat – kyrkje-utvalet har utarbeidd ein brosjyre som presenterer hovudtrekka i utgreiinga og dei tilrådingane som utvalet har gjort gjeldande. Vi legg ved eitt eksemplar av brosjyren. Fleire eksemplar av brosjyren kan tingast hos Kyrkjerådet, Materiellekspedisjonen. Porto og eit ekspedisjonsgebyr på kr 40 vil bli kravd. Tinging av brosjyren kan gjerast på www.kyrkja.no (sjå under ”Ressurser”), ved e-post: materiell@kirken.no, på telefon 23 08 12 19 (mellom kl. 10 og 14) eller telefaks 23081201.

Utgreiinga NOU 2006:2 Staten og Den norske kyrkja er elles publisert på departementets nettsider. Brosjyren er òg publisert der.

Med helsing

Ole H. Fisknes e.f.
ekspedisjonssjef

Thom M. Rafoss
avdelingsdirektør

Vedlegg (Brosjyren PDF 3,5 Mb)