Vedtak av nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging 2023–2027

1. Bakgrunn

Kommunal- og distriktsdepartementet legg med dette fram nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging 2023–2027, med heimel i plan- og bygningslova § 6-1. Etter føresegna skal Kongen kvart fjerde år utarbeide eit dokument med slike forventingar. Førre forventingsdokument blei lagd fram i mai 2019.

Forslaget til forventingsdokument er utarbeidd av Kommunal- og distriktsdepartementet, etter innspel frå departementa som saka vedkjem. Det endelege forslaget er lagt fram for alle departementa, og er omforeint. Det er òg gjennomført konsultasjon med Sametinget, og det er oppnådd semje om dei punkta som blei diskuterte i konsultasjonen.

2. Formål

Dokumentet med nasjonale forventingar skal rettast inn mot kva samfunnsmessige oppgåver det er viktig at fylkeskommunane og kommunane legg vekt på i planlegginga den neste perioden, for å medverke til gjennomføringa av nasjonal politikk. Det skal ikkje vere ei oppsummering av dei samla forventingane frå staten. Det er føresett at dokumentet blir lagt fram det året det er kommunestyre- og fylkestingsval, slik at det kan leggjast til grunn for arbeidet med nye regionale og kommunale planstrategiar. Forventingane skal følgjast opp i all planlegging etter plan- og bygnings­lova, og leggjast til grunn for staten si deltaking i planlegginga.

3. Innhald

Kommunal- og distriktsdepartementet har i forslaget til nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 sett den nasjonale politikken i samanheng med 2030-agendaen og dei 17 berekraftsmåla. Departementet meiner dette er med på å tydeleggjere behovet for oppgåvesamordning og heilskaplege løysingar i planlegginga.

I dokumentet legg Kommunal- og distriktsdepartementet vekt på at planlegginga skal byggje opp under berekraftsmåla, dei nasjonale klima- og miljømåla, lokalt folkestyre og moglegheitene for verdiskaping og busetting i heile landet. Grøn omstilling, jordvern og samfunnstryggleik og beredskap er òg framheva som viktige tema i planlegginga. Departementet ønskjer gjennom dokumentet å tydeleggjere handlingsrommet til fylkeskommunane og kommunane, innanfor avgrensinga av nasjonal politikk, og få fram at planlegginga skal tilpassast regionale og lokale forhold gjennom opne og kunnskapsbaserte planprosessar.

Kommunal- og distriktsdepartementet

t i l r å r:

Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 blir vedtekne i samsvar med vedlegg til resolusjonen.