Tannhelsetenesta

Tannhelsetenesta i Noreg består av ein offentleg sektor som yter tannhelsetenester til delar av befolkninga etter lov om tannhelsetenesta, og ein privat sektor som tilbyr tannhelsetenester til den øvrige befolkninga.

Den offentlege tannhelsetenesta er organisert under fylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal både organisere førebyggande tiltak for heile befolkninga og gi eit regelmessig og oppsøkande tilbod om tannhelsetenester til gitte grupper i tannhelsetenestelova si § 1-3 (lovdata.no).

Kven er omfatta av lova?

Desse gruppene er omfatat av tannhelsetenestelova:

  • barn og ungdom 0–18 år
  • psykisk utviklingshemma
  • eldre langtidssjuke og uføre i institusjon og heimeteneste
  • ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret*
  • andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere

* Denne gruppa betaler ein eigenandel. Egenbetalinga skal ikkje vere høgare enn 25% av departementet sine fastsette takstar (inkludert eventuelle utgifter til tanntekniske arbeid).

I tillegg får nokre grupper gratis tannhelsehjelp basert på Stortinget sine budsjettvedtak. Dette gjeld personar utsette for tortur/overgrep og med odontofobi, innsette i fengsel og personar som har problem med eller er avhengig av rus. 

Ytingar til vaksne

Den offentlege tannhelsetenesta kan i tillegg yte tenester til vaksne pasientar mot betaling etter fylkeskommunen sine føresegner og fastsette takstar.

Fylkeskommunen skal sørge for å tilby slike tenester i område av fylket der det ikkje føreligg anna tilstrekkeleg tilbod.

Fylkeskommunen skal også sørge for at tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, er tilgjengelege for alle som bur eller oppheld seg i fylket. Fylkeskommunen har eit samordningsansvar for den offentlege (fylkeskommunale) tenesta og privat sektor.

Odontologiske kompetansesenter

Det finst i tillegg fem regionale odontologiske kompetansesenter. Fylkeskommunane er ansvarlege for desse kompetansesentra, som blir drifta gjennom statlege tilskot.

Kompetansesentra skal styrke spesialisttilbodet til pasientar med rettar etter tannhelsetenestelova og sikre at det også finst ei desentralisert spesialistutdanning av tannlegar.

Kompetansesentra har dessutan ein særskild rolle opp mot forsking og fagutvikling på tannhelsefeltet.

Sjukdomstilstandar i munnhola

Personar med gitte lidingar og/eller sjukdomstilstandar i munnhola kan få offentleg finansierte tannhelsetenester etter folketrygdens regelverk.

Størstedelen av tannbehandling med trygdefinansiering blir utført i privat sektor. Fleirtalet av pasientar i privat sektor er vaksne betalande pasientar samt yngre pasientar som får kjeveortopedisk behandling.

Det er fri prissetting i privat sektor, og det inneber at kostnadene for utført behandling ikkje samsvarer med departementet sine fastsette takstar.

Den unge voksengruppa (21 til 24 år)

Gjennom budsjettforlik med SV har det offentlege tannhelsetilbodet til unge vaksne blitt styrka i 2022 og 2023.

Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett for 2023 å legge om det fylkeskommunale tannhelsetilbodet til unge vaksne, slik at personar frå 21 til 24 år får same tilbodet som dei som er 19 til 20 år.

Tannhelseutval oppnemnd i 2022

I august 2022 utnemnde Helse- og omsorgsdepartementet eit utval som skal gå gjennom tannhelsefeltet.

Utvalet er i mandatet bedt om å utarbeide og vurdere forslag som kan sikre at tannhelsetenestene blir likestilte med andre helsetenester i tråd med Hurdalsplattformen.

Utvalet blir leia av tidlegare fylkesrådmann i Telemark fylkeskommune, Evy-Anni Evensen, og skal levere si utgreiing (NOU) innan utgangen av juni 2024.