Utdanningsplan i samfunnsmedisin – Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet er registrert som utdanningsverksemd innan legespesialiteten samfunnsmedisin frå 26.06.2020 (vedtaksdato 28.05.2021).

Beskriving av utdanningsverksemda

Helse- og omsorgsdepartementet har ni avdelingar:

Helse- og omsorgsdepartementet skal legge til rette for at utdanninga for legar i spesialisering innan samfunnsmedisin skjer innan fagleg forsvarlege rammer, og på ein måte som sikrar tilstrekkeleg kvalitet og fullføring av utdanningsløpet. Dette inkluderer å legge til rette for heilskaplege utdanningsløp med læringsaktivitetar, slik at alle læringsmåla blir oppnådde.

Administrasjonsavdelinga har ansvar for fellesoppgåver og koordinering i departementet, og har ansvar for dei generelle rammene rundt spesialistutdanninga i samfunnsmedisin.

Linjeleiar, vanlegvis ein avdelingsdirektør, vil ha personalansvar for den enkelte legen i spesialisering, og vil vere utdanningsansvarleg. Linjeleiar vil legge til rette for at legen i spesialisering kan gjennomføre alle relevante kurs og delta i grupperettleiing. I tillegg skal legen ha regelmessig individuell rettleiing av spesialist i samfunnsmedisin.

Rettleiaren kan høyre til ei anna avdeling i departementet enn der legen i spesialisering er tilsett. Linjeleiar har ansvar for godkjenning av læringsmål. Linjeleiar følger opp godkjenning av læringsmål, og vil ved behov innhente tilrådingar og supplerande opplysningar frå rettleiar og supervisør. Det vil bli skreve ut ei stadfesting på gjennomført praktisk teneste.

Utdanningsløp – læringsarena

Det blir stilt krav om fire års samfunnsmedisinsk teneste, samt eitt års klinisk teneste, til saman minimum fem år, i tillegg til LIS1. Klinisk teneste blir utført som eitt års teneste i allmennmedisin, ved klinisk sjukehusavdeling eller poliklinikk.

Arbeidet i departementet består av variert saksbehandling innan helseforvaltning, som mellom anna omfattar saksbehandling av lovverk og retningsliner/rettleiarar, kunnskapsformidling, kvalitetsarbeid og tilsyn, budsjett og helseøkonomi, analyse og tolking av data, prosjektarbeid, internasjonal helse, helseberedskap og kunnskapsbasert praksis.

Alle læringsmål, med unntak av læringsmål i klinisk teneste, kan bli oppnådd innan eigen verksemd. Læringsmål vil bli oppnådde gjennom ulike læringsaktivitetar som kurs, e-læringskurs, grupperettleiing, individuell rettleiing, prosjektoppgåve, arbeid i prosjekt og arbeidsgrupper, seminar, presentasjonar og utgreiingsarbeid.

Om nokre læringsmål ikkje kan bli oppnådd i eigen avdeling, vil det bli lagt til rette for hospitering i andre relevante avdelingar.

Leger som blir tilsette, er normalt erfarne leger med betydeleg klinisk erfaring frå den kommunale helse- og omsorgstenesta og/eller spesialisthelsetenesta. Læringsmål SAM-044 klinisk arbeid etter LIS1 i enten spesialisthelsetjenesten eller primærhelsetjenesten vil derfor som regel vere oppnådde allereie før oppstart.

Dersom det skulle bli ei aktuell problemstilling, vil departementet legge til rette for klinisk teneste ved ei relevant utdanningsverksemd, og det er utarbeidd ein avtale om samarbeid om utdanning av leger i spesialisering med Oslo universitetssjukehus HF.

Det vil bli tilrettelagt for relevante kurs, som er anbefalte læringsaktivitetar, arrangert av Norsk samfunnsmedisinsk forening (legeforeningen.no).

Legen skal få nødvendig rettleiing og tilsyn gjennom spesialistforløpet. Det skal bli oppnemnd ein individuell rettleiar som skal vere spesialist i samfunnsmedisin.

Individuell utdanningsplan 

Lege i spesialisering skal ha ein individuell utdanningsplan. Den individuelle utdanningsplanen blir utarbeidd av legen i samarbeid med rettleiar. Planen skal bli godkjent av leiar.

Det skal bli utarbeida ein utdanningsplan for spesialiteten samfunnsmedisin basert på den tilrådde utdanningsplanen til Helsedirektoratet, og ein eigen utdanningsplan for felles kompetansemål.

Læringsaktivitetane og læringsmåla skal bli fortløpande dokumentert og vurdert i Kompetanseportalen. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurderte og godkjente, og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.

Utdanningsplanen vil bli revidert ved behov.