Historisk arkiv

Norsk ekspertise

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Det er nærmare seksti norske nasjonale ekspertar i Brussel. Ekspertane er stilt til disposisjon for Europaparlamentet, Europakommisjonen eller eit EU-byrå, og bidreg med kompetanse på område der Noreg har interesse av å delta. Med seg heimatt får dei kunnskap om fagfeltet og om EU-systemet.

Ein nasjonal ekspert er utsendt frå Noreg og får derfor utbetalt løn heimanifrå. Om lønna er norsk, så er det Europakommisjonen som er arbeidssgjevar, og lojaliteten skal difor ligge der. EU-landa sender mange nasjonale ekspertar til EU-systemet, og det har også EFTA-landa rett til å gjere, gjennom EØS-avtalen. Noreg bidreg gjennom denne ordninga med ekspertise på område der det er i Noreg si interesse å delta.

Dei fleste ekspertane som er utsendt frå norske departement eller etatar vert stilde til rådigheit anten for DG’ar under Europakommisjonen eller eit av byråa til EU. Tanken er at ein ved å delta her bidreg med ekspertise i utvikling av politikk som er viktig for Noreg og fleire europeiske land, samstundes som ein gjennom ordninga får utveksla kompetanse mellom ulike europeiske fagmiljø.

Omtrent halvparten av dei norske nasjonale ekspertane er såkalla bilaterale ekspertar, sendt ut etter avtale mellom Europakommisjonen og Noreg. Dei øvrige er sendt ut etter ein avtale mellom Europakommisjonen og EFTA.

Soleil Føyn Beaulieu er ein av dei norske ekspertane i EU-systemet, nærmare bestemt i generaldirektoratet for miljø. Foto: Silje Th. Mjelle.

Bidreg med kompetanse
Ein nasjonal ekspert har som jobb å bidra med ekspertise i institusjonen han er tilsett ved i den aktuelle perioden, som regel mellom to og fire år. Eksperten mottek såleis ikkje instruksar heimanfrå, og skal heller ikkje rapportere heim til sitt norske departement eller etat.

Den nasjonale eksperten si rolle er altså å bidra med kunnskap innanfor fagfeltet sitt, og er derfor ikkje ein formell representant frå Noreg når han er på jobb. Det er kunnskapen som først og fremst skal fram gjennom den nasjonale eksperten.

Dei norske ekspertane er ettertrakta, då dei som oftast er særs erfarne saksbehandlarar som kan gå rett inn i eit saksområde dei kjenner godt og vere operative på kort tid.

Hentar kunnskap
Det dei nasjonale ekspertane derimot tek med seg tilbake til Noreg er kompetanse. Etter ein lengre periode i EU-systemet bringer dei nasjonale ekspertane med seg verdifull kunnskap tilbake om korleis EU-institusjonane fungerer. Kunnskap om EU er ein viktig del av Regjeringa sin aktive europapolitikk. Og dei vil ha "lagt igjen" kunnskap i EU-systemet om norske forhold.

Frank Udnæs er nasjonal ekspert i generaldirektoratet for energi og transport, og deltek i styringa av Galileo-programmet frå sentralt hold. Foto: Rune Bjåstad.

Kontraktagentar – vert tilsette av Kommisjonen
Ein kontraktagent jobbar i likheit med nasjonale ekspertar i Europakommisjonen på lik linje med andre EU-byråkratar. Medan ein nasjonal ekspert er tilsett av den nasjonale forvaltninga, og ikkje av Europakommisjonen, søkjer kontraktagenten sjølv på slike kontraktagentstillingar. Stillingane som nordmenn kan søke på er tidsbegrensa til å vare mellom tre månader og tre år, og kan ikkje forlengast utover dette.

Kontraktagentar må gjennomgå ei teoretisk prøve som testar EU-kunnskap, samt verbal og matematisk intelligens. Dei aller fleste som ynskjer å arbeide i EU-systemet må gjennom ei slik prøve. Nasjonale ekspertar er unntekne frå desse prøvene, då dei vert tilsette gjennom dei nasjonale forvaltningane snarare enn av Europakommisjonen sjølv.

Presentasjonar av fleire norske nasjonale ekspertar og kontraktagentar (pdf-fil)