Historical archive

Noreg inngår avtale med Europol

Historical archive

Published under: Bondevik's 2nd Government

Publisher: Ministry of Foreign Affairs

Avtala vart inngått fredag etter at Stortinget ga sitt samtykke den 5. desember d.å .

Pressemelding

Nr.: 206/01
Dato: 21.12.2001

Noreg inngår ei avtale med Europol om samarbeid om kampen mot alvorlege former for internasjonal kriminalitet

Regjeringa har i dag vedteke å inngå ei avtale med Europol om samarbeid om kampen mot alvorlege typar internasjonal kriminalitet, etter at Stortinget ga sitt samtykke til avtala den 5. desember d.å.

Europol er det viktigaste tiltaket til EU-landa i kampen mot alvorleg internasjonal kriminalitet. Samarbeidet innanfor Europol blei fullt verksamt frå 1. juni 1999. Føremålet med Europol er å effektivisere kampen til medlemslanda mot slik kriminalitet, og å styrkje samarbeidet mellom kompetente styresmakter. Europol-konvensjonen opnar for at tredjeland og internasjonale organisasjonar kan inngå ulike typar samarbeid med Europol.

Avtala vart underteikna av Noreg og Europol den 28. juni 2001. Noreg vert ikkje medlem av Europol gjennom avtala, men sikrar eit nært samarbeid med Europol innan dei rammene avtala fastset. Avtala har som føremål å styrkje politisamarbeidet mellom medlemslanda i EU og Noreg, der Europol er bindeleddet til EU-landa. Avtala dannar grunnlaget for samarbeidet på ei rekkje område for kriminalitet. Noreg kan dessutan samtykkje i at samarbeidet vert utvida dersom mandatet til Europol vert utvida.

Samarbeidet mellom Noreg og Europol skal særleg skje gjennom utveksling av informasjon. I tillegg til utveksling av informasjon kan samarbeidet omfatte alle oppgåver Europol er tillagt gjennom Europol-konvensjonen. Noreg og Europol har båe rett til å utplassere sambandsmenn hjå den andre.

Avtala har viktige føresegner om datatryggjing og personvern. Dei einskilde individa har rett til innsyn i personopplysningar som er overførte i samsvar med avtala, eller til å få informasjon etterprøvd i samsvar med Europol-konvensjonen (som viser til nasjonal lovgjeving i medlemslanda) eller norsk lovgjeving.

Etter hendingane 11. september er det større trong enn nokon gong for effektivt samarbeid mot internasjonal kriminalitet. Kamp mot terrorisme har vorte ei prioritert oppgåve for Europol, som får ei viktig rolle gjennom utveksling av informasjon om terrornettverk og terrororganisasjonar. Europol skal òg etablere ei eiga avdeling for terrorisme som skal arbeide med og systematisere opplysningane. I tillegg er det venta det at Europol vert ei viktig kontaktflate for samarbeid med USA om antiterrortiltak.

Regjeringa meiner avtala vil vere eit viktig bidrag i kampen mot internasjonal kriminalitet og terrorisme. Regjeringa legg vekt på at Noreg og Europol kan utveksle informasjon, og at avtala sikrar eit høgt nivå for personvernet. Den gjensidige retten til å plassere ut sambandsmenn vil bidra til eit tett samarbeid mellom norsk politi og politi frå EU-landa.