Meld. St. 27 (2019–2020)
Daglegvare og konkurranse – kampen om kundane
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 19. juni 2020, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Få marknader har like mykje å seie for folk flest som daglegvaremarknaden. Ein velfungerande daglegvaremarknad er kjenneteikna av at forbrukarane har god tilgang til eit breitt utval av daglegvarer av god kvalitet i ulike priskategoriar. Regjeringa ynskjer betre konkurranse i verdikjeda for daglegvarer, og i meldinga fremjar regjeringa fleire tiltak som kan føre til betre konkurranse.