Nytt anbod på regionale flyruter: Auka krav til kapasitet og ny rute Harstad/Narvik – Tromsø
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 81/11 | Dato: 25.08.2011
- Eg er glad for å lysa ut anbod med auka kapasitet på regionale flyruter. Mange er avhengig av eit godt regionalt flytilbod, derfor er det viktig å sikra flyruter som gir god kommunikasjon med fly for folk og næringsliv i heile landet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut anbod for drift av 19 regionale flyruteområde i Noreg frå 1. april 2012. Anbodet er lyst ut i heile EU/EØS-området og flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levera anbod. I samband med anbodet har Samferdselsdepartementet fastsett nye krav til flyrutedrifta. Desse krava omfattar mellom anna maksimale billettprisar, setekapasitet og talet på flygingar på strekninga.
På mange av rutene Samferdselsdepartementet kjøper tenester i dag, er det naudsynt å auka kapasiteten for å møta vaksande etterspørsel. I det nye anbodet er krava justert i tråd med trafikken som er venta på rutene. Det har vore sterk passasjervekst frå 2007 til 2010 på rutene som no vert utlyste. Samferdselsdepartementet aukar derfor krava til kapasitet med 9 prosent til 1 521 sete per veke.
Frå 1. april blir ei ny rute, Harstad/Narvik – Tromsø, tatt inn i ordninga med statleg kjøp av flyruter. Harstad/Narvik-regionen har i dag svake forbindelsar mot Tromsø med fly. Samferdselsdepartementet krev at det skal vera minst to direkte flygingar måndag til fredag, mellom Harstad/Narvik lufthamn, Evenes, og Tromsø. Så framt kostnadane ikkje blir uhensiktsmessig høge for å inngå kontrakt, legg departementet opp til at det blir rom for ruta innanfor budsjettet for 2012.
Det vil bli gitt einerett til drift av kvart av ruteområda til dei flyselskapa som har lågast krav til godtgjersle frå staten. Flyselskapa som får einerett til slik rutedrift må ha gyldig lisens for drift av flyselskap i EØS-området.
Anbodet er lyst ut med fem års kontraktslengde på ruter i dei fire nordlegaste fylka, og med fire års kontraktslengde for resten av landet. Tidlegare var maksimal kontraktslengde tre år. Lengre kontraktar skal gjera det meir attraktivt for nye flyselskap å by på regional ruteflyging i Noreg.
Frist for innlevering av anbod er sett til 25.oktober, 2011, kl. 12.00.
Anbodet gjeld ruteflygingar på desse strekningane:
Ruteområde 1 Lakselv–Tromsø
Ruteområde 2 Andenes–Bodø, Andenes–Tromsø
Ruteområde 3 Harstad/Narvik–Tromsø
Ruteområde 4 Svolvær–Bodø
Ruteområde 5 Leknes–Bodø
Ruteområde 6 Røst–Bodø
Ruteområde 7 Narvik (Framnes)–Bodø
Ruteområde 8 Brønnøysund–Bodø, Brønnøysund–Trondheim v.v.
Ruteområde 9 Sandnessjøen–Bodø, Sandnessjøen–Trondheim
Ruteområde 10 Mo i Rana–Bodø, Mo i Rana–Trondheim
Ruteområde 11 Mosjøen–Bodø, Mosjøen–Trondheim
Ruteområde 12 Namsos–Trondheim, Rørvik–Trondheim
Ruteområde 13 Florø–Oslo, Florø–Bergen
Ruteområde 14 Førde–Oslo, Førde–Bergen
Ruteområde 15 Sogndal–Oslo, Sogndal–Bergen
Ruteområde 16 Sandane–Oslo, Sandane–Bergen
Ruteområde 17 Ørsta-Volda–Oslo, Ørsta-Volda–Bergen
Ruteområde 18 Fagernes–Oslo
Ruteområde 19 Røros–Oslo
For fleire opplysningar –sjå:
• Anbod på regionale ruteflygingar i Noreg
For meir informasjon:
Pressetelefonen: 919 14 777