Historisk arkiv

Klima og Rio-konferansen på dagsorden i Nordisk Ministerråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Både Finland, Sverige og Danmark stilte med heilt ferske miljøministrar under møtet i Nordisk Ministerråd i København onsdag. Klima og den komande Rio-konferansen var blant temaene som blei diskuterte.

"Hormonforstyrrere på dagsordenen" kronikk skrevet av de nordiske ministrene (31.10.2011)

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim starta ein hektisk dag med eigne bilaterale møter med Danmark sin klima- og energiminister Martin Lidegaard og Sverige sin miljøminister Lena Ek. Lidegaard fortalte Solheim om dei nye klimaplanane i Danmark. Målet er å kutte eigne utslepp med 40 prosent innan 2020 utifrå nivået i 1990. 35 av dei 40 prosentane skal ein ta frå energisektoren, resten frå landbruket og transport. Lidegaard sa at det er naudsynt å starte omstillinga nå, for utsleppa må endå meir ned etter 2020.

Erik Solheim, Sveriges miljøvernminister Lena Ek, Danmarks Martin Lidegaard på nordisk ministerråd. Foto: Jon Berg/MD
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim møtte Sveriges miljøminister Lena Ek og Danmarks klima- og energiminister Martin Lidegaard på Nordisk Ministermøte i København. (Foto: Jon Berg/MD)

-Vi har rekna ut at klimaplanen vil koste kvar danske familie 700 kroner, og det er overkommeleg, sa Lidegaard.


Dei to snakka også om dei komande klimaforhandlingane i Durban og behovet for ei eller annan form for utviding av Kyoto-avtalen som snart går ut. Solheim tok opp eit tema som ikkje er dekka av klimaforhandlingane, nemleg såkalla svart karbon. Det er sot som legg seg på isen og forsterkar klimaendringane. Dette kan bli eit tema i det nordiske samarbeidet.

 
I samtalene med Lena Ek tok Solheim opp ynskjet om å etablere ei felles nasjonalpark mellom Noreg, Sverige og Finland, det som blir kalle Treriksgrensen. Ek var positiv til initiativet, det same var ho når det gjaldt felles forvaltning av ulvestammen og vänernlaksen.


I sjølve møtet i Nordisk Ministerråd blei det snakka om felles mål for den store Rio-konferansen neste sumar.

 
Noreg tek over formannskapet i Nordiske Ministerråd neste år, og Erik Solheim nytta høvet til å invitere dei andre ministrane til eit møte på Svalbard i mars.