Historisk arkiv

Kjempar for miljøet og regionane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Partigruppa Dei Grøne/Den europeiske frie allianse utgjer den femte største gruppa i Europaparlamentet i inneverande periode. Blant dei noverande parlamentarikarane finn vi éin svenske, éin danske og éin finne. Og frå hausten av kanskje ein nordmann også?

Partigruppa Dei Grøne/Den europeiske frie allianse (Group of the Greens/European Free Alliance) vart etablert etter europaparlamentsvalet i 1999. Gruppa samlar politikarar med miljøengasjement og såkalla ”regionalistar” som motset seg sentralisering, herunder parlamentarikarar frå Skottland, Wales, Baskerland, Romania og Latvia. Viktige saker for regionalistane er mellom anna regional utvikling, bærekraftig lokalt landbruk, samt språkleg og kulturelt mangfald.

Partigruppa vann 34 seter ved siste val på Europaparlament. Ingen parlamentarikarar frå grøne parti vart valde inn frå dei ti ferskaste medlemene som tiltrådte gjennom den såkalle “austutvidelsen” 1. januar 2004. Av nordiske politikarar finn vi éin frå kvart land blant dei 43 parlamentarikarane i gruppa totalt sett.

”Nordmann” stiller til val
Norsk-franske Eva Joly stiller til val for Dei Grøne i Frankrike i Paris-regionen Île-de-France. Med ein andreplass på lista i Paris vil ho trenge 13 prosent av stemmene for å bli vald inn. Med både norsk og fransk statsborgarskap kan ho bli den andre nordmannen som inntek ein plass i Europaparlamentet. Minst éin gong før har ei norskfødt kvinne hatt sete i Europaparlamentet. Norskfødte Marit Paulsen representerte det svenske Folkpartiet i parlamentet i perioden 1999 til 2004.

Eva Joly har tidlegare uttalt at korrupsjon og miljø blir hennar kampsaker dersom ho blir vald. Ho har også hevda at det er på tide med noko anna enn berre liberalistiske verdiar, og at det ikkje er finanskrisa, men derimot miljøkrisa som er den største utfordringa vi står overfor.