Frå statsministerens program uke 7
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Dato: 09.02.2007
Pressemelding
Nr.: 21-07
Dato: 09.02.2007
Priv. til red.:
Frå statsministerens program uke 7
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 12. februar:
Kl. 09.45 tek statsministeren imot WHO sin
generaldirektør, Margaret Chan, på Statsministerens kontor. Det er
høve til å fotografere idet dei to møtest.
Kl. 16.00 tek statsministeren imot presidenten i Mosambik, Armando Emilio Guebuza, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere idet dei to møtest.
Kl. 16.45 er dei to tilgjengelege for pressefolk på Statsministerens kontor.
Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.
Kl. 19.30 er statsministeren vert for ein regjeringsmiddag i høve gjestinga frå Mosambik, på Akershus slott.
Det er høve til å fotografere i borggarden frå kl. 19.00. Ein pressepool der dei norske deltakarane er ANB, NRK eller TV2, Scanpix og Se og Hør, har høve til å arbeide innandørs idet gjestene gjeng til bords.
Pressekontakt er fungerande kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10.
Vi viser til eiga melding om gjestinga frå Mosambik.
Torsdag 15. februar:
Kl. 11.30 deltek statsministeren på
forskingsstiftinga FAFO-konferansen 2007, i Folkets Hus i Oslo.
Kl. 20.00 deltek statsministeren ved opninga av Rally-VM-runden, på Hamar. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen - telefon 99 54 19 11 og kommunikasjonsrådgjevar Åse Solberg – telefon 45 02 40 76.
Fredag 16. februar:
Om føremiddagen er statsministeren til stades ved
nokre av fartsetappane under Rally-VM. Pressekontakt er
statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen - telefon 99 54 19 11 og
kommunikasjonsrådgjevar Åse Solberg – telefon 45 02 40
76.