Historisk arkiv

Korleis foregår Europaparlamentsvalet?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

EUs folkevalde forsamling Europaparlamentet har hatt direkte val sidan 1979. Til sommaren går innbyggjarane i unionen på nytt til urnene – dei skal avgjere kva for 736 politikarar som i neste periode skal representere ein halv milliard menneske.

Kvart EU-land har eit gjeve antal plassar i Europaparlamentet, eit tal som varierer etter landa sine innbyggjartal. Likevel er ikke antal plassar eit direkte produkt av folketalet. Eksempelvis har Malta med litt over 400 000 innbyggjarar fem seter, medan dei over 82 millionar tyskarane er representert ved 99 parlamentarikarar. Dei minste landa er såleis overrepresenterte om ein sammeliknar dei med dei største.

Etter Nice-traktaten skal det i 2009 veljast 736 parlamentarikarar til Europaparlamentet. Dersom Lisboa-trakaten skulle tre i kraft, vil dette talet bli 751.

Med hensyn til valsystemet, er det opp til kvart enkelt land å avgjere valordninga som omset folket sine stemmer til seter i Europaparlamentet. Nokre grunnleggjande reglar gjeld like fullt for samtlege; Ein må man ha fylt 18 år for å stille til val, det er likestilling for kvinner og menn, og det skal vere hemmeleg val.

I 2009 er det tretti år sidan det første direkte valet til Europaparlamentet. Biletet viser Europaparlamentsbygninga i Brussel. Foto: EU-delegasjonen.

Sit etter farge
Parlamentarikarane i Europaparlamentet blir valt etter nasjonale lister, og etablerer seg deretter i grupper først etter valet. Dei går då saman etter politisk farge, og ikkje etter nasjonalitet. Ein parlamentarikar i Europarlamentet delar tida si mellom Brussel, plenumssesjonar i Strasbourg og valkretsen sin.

For å kunne stille som kandidat til Europaparlamentet eller avlegge stemme, er det visse krav som må oppfyllast. Ein må for det første vere statsborgar i eit EU-land, og ein må vere busett i medlemslandet der ein framset sitt kandidatur. Vidare må ein fylle dei krav som gjeld nasjonale borgarar. Om ein vil stå som kandidat i eit annet land, må kandidaten fremvise bevis frå heimlandet om at han har rett til å stille til val også der.

Lønnast ulikt
Til no har parlamentarikarane i Europaparlamentet fått samme løn som sine kolleger i heimlandet, noko som har medført store lønsforskjelar. Etter valet i 2009 trer ei ny ordning i kraft som gjev parlamentarikarane lik grunnløn. Den faktiske utbetalinga til den enkelte vil riktignok variere, sidan det opererast med tillegg for reiser og med hensyn til kor langt det er frå arbeidsstaden til valkretsen.

For å kunne stemme i eit anna land enn heimlandet, må ein aktivt be om dette. Land som Luxembourg, Belgia og Hellas har obligatorisk stemmeplikt. Dersom ein innbyggjar frå eit anna land ber om å stemme i til dømes Belgia, blir veljaren gjenstand for dei same reglane som belgiske veljarar. Er det obligatorisk stemmerett i landet ein ønskjer å stemme i, må ein derfor også føye seg etter dei reglar som gjeld der.
 
Årets val finn stad 4.-7. juni.