Historisk arkiv

Navarsete vil ha MOTMAKT mot Oslo-dominansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer til debatt i Trondheim 12. februar om Oslo-dominansar i Noreg.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer til debatt i Trondheim om Oslo-dominansar i Noreg.  

  • Tid: Fredag 12. februar kl. 10.30
  • Stad: Hotel Prinsen, Kongens gate 30, Trondheim.

Føremålet med møtet er å få viktige innspel og tankar for korleis ein kan få ei balansert regional utvikling med attraktive lokalsamfunn. Det er ikkje nødvendigvis i dei store debattane i Oslo at det kjem nye tankar.

Statsråd Navarsete møter:

  • Tore O. Sandvik, fylkesordførar
  • Marvin Wiseth, Sparebanken Midt-Norge
  • Erik Haugane, Den Norske Oljeselskap
  • Ingrid Finboe Svendsen, Arbeidstilsynet
  • Reidar Almås, professor, Bygdeforskning
  • Elisabeth Kathleen Ofstad (student), Velferdstinget
  • Torbjørn Digernes, rektor ved NTNU
  • Marianne Meløy, kåsør
  • Inge Bartnes, kommunikasjonsdirektør Nord-Trøndelag elektrisitetsverk.

Navarsete spør mellom anna om:

  • Korleis kan regjeringa bidra til ei meir balansert utvikling mellom byane og regionane?
  • Kva kan byregionane og områda utanfor Oslo gjere for å ta opp kampen om dei beste hovuda med Oslo?
  • Korleis sikre ei betre spreiing av kompetansearbeidsplassar?
  • Bør regionane utanfor Oslo spele meir på lag i saker der dei har felles interesser?
  • Kan storbyane spele meir på lag med omlandet sitt for å styrke regionen samla?

Same dag kl. 13.30 skal Navarsete halde innlegg for fylkesårsmøtet til Sør-Trøndelag SP (på same stad).

Laurdag 13. februar kl. 09.00 skal statsråden halde innlegg på fylkesårsmøte til Nord-Trøndelag SP på Stiklestad Hotell / Stiklestad Nasjonale Kultursenter.

Pressekontakt: Seniorrådgjevar Agnar Kaarbø, tlf. 974 82 408.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.