Fornyingsminister Heidi Grande Røys besøker Buskerud
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Nyheit | Dato: 13.04.2007
Fornyingsminister Heidi Grande Røys besøker Buskerud fylkesmannsembete tysdag 17.april. Statsråden vil blant anna møte fylkesmannens leiargruppe og statsetatsjefane i Buskerud.
Fornyingsminister Heidi Grande Røys besøker Buskerud fylkesmannsembete tysdag 17.april. Statsråden vil blant anna møte fylkesmannens leiargruppe og statsetatsjefane i Buskerud. Ho vil óg møte dei tilsette på eit eige allmøte.
Statsråden vil òg besøke Øvre Eiker kommune, der ho skal delta i lanseringa av e-demokratiprosjektet og Politikarnettverket som skal gjere det enklare for politikarane å finne fram informasjon og kommunisere med innbyggjarane.
- For å få eit levande og utviklingsorientert lokalsamfunn med eit aktivt lokaldemokrati må forholdet leggjast til rette for auka engasjement. Eit sentralt verkemiddel i dette arbeidet er å gjere offentleg informasjon og tenester lettare tilgjengeleg, og bidra til ein enkel og aktiv dialog med innbyggjarane. E-demokrati-prosjektet i Øvre Eiker er eit døme på korleis dette kan gjerast, seier Grande Røys.
Program for besøket:
09.10: Møte med fylkesmannens ledergruppe
10.00: Møte med statsetatsjefene i Buskerud
11.15: Lunsj
12.00: Allmøte – fylkesmannens ansatte
13.30: Statsråden lanserer e-demokratiprosjektet i Øvre Eiker
14.15: Dialogmøte med Øvre Eiker kommune
Kontaktperson:
Kommunikasjonssjef Signe Horn, mobil 92603520