Historisk arkiv

Ny låg valdeltaking?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

4.-7. juni er det val på nytt Europaparlament. Medan Europaparlamentet får meir og meir makt, har oppslutninga om vala vorte lågare for kvart år. Eit resultat av lite mediedekning, lite europeisk fokus hos dei nasjonale partia, og ein stadig mindre andel av land med obligatorisk valdeltakelse, meiner europaforskar Ulf Sverdrup.

Val på nytt Europaparlament finn stad kvart femte år i EUs medlemsland. Sidan det første direkte valet i 1979 har den prosentvise deltakelsen i desse vala gått ned. Det er mange grunnar til dette.

Protestval
Europaparlament er ofte såkalla ”annenrangsval”, i betydninga at dei ofte er mellomval, som tel mindre enn nasjonale parlamentsval. Europaparlamentsval verkar og ofte som nasjonale ”protestval”, der partia i den sitjande regjeringa i dei ulike medlemslanda jevnt over får lågare oppslutning til fordel for mindre opposisjonsparti.

Ofte ser ikkje veljararane gevinstane ved å delta, dei tenkjer at stemma deira kun er ein dråpe i havet, og at valet ikkje automatisk leiar til til dømes ei endring av EUs leiing.

- Det mange tenkjer i forhold til Europaparlamentsvalet er at det ikkje har noko å seie at ein ikkje stemmer, så då sit ein heller heime, meiner seniorforskar ved Arena senter for europastudiar, Ulf Sverdrup.

- Paradokset i dette ligg i at Europaparlamentet får meir og meir makt, medan deltakinga går ned. Ein skulle kunne forvente at folk ville delta i større grad når Parlamentet fekk ei større og viktigare rolle for politikkutforminga i EU, seier Sverdrup.

Etter valet i juni 2009 vil Europaparlamentet ha 736 eller 751 representantar, alt etter om Lisboa-traktaten trer i kraft eller ikkje. Her frå Europaparlamentet i Brussel. Foto: Rune Bjåstad.

Færre land med obligatorisk deltaking
- Lav valdeltaking reduserer legitimiteten til Europaparlamentet. Nokre forskarar viser til at andelen land som har obligatorisk valdeltakelse blir mindre. Medan ein forholdsvis stor andel hadde obligatorisk deltakelse tidlegare, har utvidelsene gjort sitt til at den overordnede deltakelsen blir lågare, hevdar Sverdrup.

Av dei 27 medlemslanda i EU er det no berre tre land; Luxembourg, Belgia og Hellas, som har nettopp ei slik ordning.

- I den andre enden av skalaen finn vi dei nye medlemslanda, der nokre er ned på 20-talet. I Slovakia var deltakinga  så låg som 16,9 prosent i 2004. Dette kan og kanskje tolkast som eit restultat av valtrøttheit, trur Sverdrup.

Han fortel at mange av desse landa allereie hadde stemt over EU-medlemskap like før forrige parlamentsval. Sverdrup er meir overraska over at eit land som Sverige, som tradisjonelt sett har veldig høg deltaking ved nasjonale val, hadde under 40 prosent deltaking ved Europaparlamentsvalet i 2004.

- Eit anna forhold er at valet til Europaparlamentet ofte har store valkrinsar, noko som gjer det vanskelegare for veljarane til å identifisere seg med politikarane. Fleire har òg hevda at organiseringa av valet reduserer deltakinga, dei har til dømes foreslått at valdagen kanskje burde leggjast til nasjonale valdager, eller at ein burde ha fleire valdagar, samt leggje valdagen utanom sommaren, seier Sverdrup.

Lite mediepress og europeisk fokus
Eit anna forhold er EU-borgarane si bevisstheit om europeisk politikk. Valet og dei aktuelle sakene som blir behandla har ikkje blitt omtala i utstrakt grad i avisene folk les og i dei TV-kanalane dei ser på. Europaparlamentarikarane og deira rolle i EU er lite synleg i media, og mange vil finne det vanskeleg å finne kjente fjes blant representantane.

Sverdrup trur òg ein av grunnane til den låge oppslutninga er at det ikkje finst nokon særleg stor europeisk dimensjon hjå dei nasjonale partia, og at dei felles europeiske valprograma ofte ikkje blir framheva.

- Dei fleste parti fokuserer på nasjonale saker, og trekk sjeldnare inn det europeiske nivået, seier Sverdrup.

- Konklusjonen blir nok at val på nytt Europaparlament forblir mindre viktig for veljarane enn det å velje eit nytt nasjonalt parlament, og dermed ei ny regjering, seier Sverdrup.

For dei EU-borgarane som vel å gå til valurnene for å velje Europaparlament for dei neste fem åra, finn valet stad 4.-7. juni.