Historisk arkiv

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa vitjar India 29.-31. oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vitjar India 29.–31. oktober 2007 på invitasjon frå den indiske ministeren Mani Shankar Aiyar.

Mani Shankar Aiyar er minister for lokaldemokrati, det såkalla Panchayati Raj, som vart grunnlovsfesta i India i 1991. Bakgrunnen for invitasjonen frå minister Aiyar er at Aiyar er oppteken av å styrkja indisk lokaldemokrati og dei politiske rettane til indiske kvinner. Gjennom lokalt sjølvstyre søkjer India å betra kvinner sin representasjon i og innverknad på samfunnslivet. Dette vert oppfatta som ein føresetnad for utvikling i distrikta i India. Noreg og India samarbeider allereie om opplæringstilbod til kvinner i lokalpolitikken.

Statsråd Aiyar er oppteken av å dela kunnskap om korleis lokaldemokratiet fungerer i dei to landa. På bakgrunn av dette vil statsrådane ta del i eit norsk-indisk seminar om lokaldemokrati med inviterte forskarar frå India og Noreg. Statsråd Kleppa vil òg vitja landsbyen Neem Kheda i Haryana-regionen, der alle medlemmene av landsbyrådet er kvinner.

- India vert ein stadig viktigare partner for Noreg, og det er difor viktig for oss å læra meir om og av kvarandre, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
 - India er verdas største demokrati, og det er meiningsfullt å utveksla erfaringar om korleis lokaldemokratiet fungerer. I India som i Noreg er ein oppteken av samanhengen mellom lokalt sjølvstyre og økonomsk og sosial utvikling. Dette ser eg som særs interessant å diskutera med minister Aiyar. Eg vonar reisa til India vil gje meg nyttige innspel til norsk debatt om lokalt sjølvstyre og kvinner sin representasjon som kan vera relevante for norske tilhøve også, seier statsråden.

Kleppa skal dessutan møte den indiske ministaren Kumari Selja i samband med at India er vertskap for eit UNHabitat-møte i desember om retningsliner for desentralisering. Noreg skal følgje opp dette arbeidet med eit UNHabitat-møte i Oslo i juni.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.