Historisk arkiv

Samferdselsministeren til nordisk klimamøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete deltek på det nordisk-baltiske transportministermøtet i Strømstad 22. og 23. mai. — Frå norsk side er det ein klår ambisjon at møtet skal vere byrjinga på eit nordisk-baltisk samarbeid om konkrete tiltak for å redusere klimautsleppa frå transportsektoren, seier Samferdselsministeren.

På møtet vil transportministrane mellom anna utveksle synspunkt på korleis økonomiske verkemiddel kan bidra til å redusere klimafiendtlege utslepp frå transportsektoren. Transportkorridorane i Austersjøen vil stå sentralt i ordskiftet.

I tillegg skal EU-strategien for eit reinare klima i Austersjøen drøftast.
Sverige har EU-formannskapet frå januar 2009.

Program (pdf)

For meir informasjon, kontakt:

Politisk rådgjevar
Anne Tingelstad Wøien
Samferdselsdepartementet
Tlf: 22 24 81 14/ 902 84 261