Høyring - framlegg til endringar i lov av 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestranssport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)

Samferdselsdepartementet sender på høyring eit framlegg til endringar i lov av 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestranssport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 26.02.2014

Vår ref.: 13/1660

Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endring i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

Framlegget til lovendring vert gjort for å gjennomføre Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 181/2011om busspassasjerrettar og om endring av rådsforordning (EF) nr. 2006/2004 (forordninga). Høyringsnotat og den danske versjonen av forordninga kan lastast ned på Samferdselsdepartementet sine heimesider:

Tidlegare utkast til forordning vart sendt på høyring i Noreg 2. juni 2009.

I praksis har busspassasjerar i Noreg langt på veg slike rettar som følgjer av forordninga. Rettane er likevel berre delvis fastsette i lov eller forskrift. Passasjerrettane går hovudsakeleg fram av selskapa sine transportvilkår som er grunnlaget for avtalen mellom transportselskapet og passasjeren. På nokre punkt er det nødvendig å endre yrkestransportlova for å gjennomføre reglane i forordninga. Framlegget til lovendring omfattar:

(i) heimel for å fastsetje ei forskrift om gjennomføring og utfylling av forordninga om busspassasjerrettar og seinare EØS-reglar på området
(ii) heimel for å peike ut terminalar der reisande med nedsett funksjons- eller rørsleevne kan få assistanse, og for å gje forskrifter om dette
(iii) heimel for å gje forskrift om å etablere og organisere eit nasjonalt klageorgan for busspassasjerrettar, medrekna reglar om finansiering, oppnemning, ansvarsområde, samansetning, høve til valdgiftsklausular, og sakshandsaming
(iv) heimel som pålegg transportørane og andre som har plikter overfor passasjerane, å vere knytte til eit nasjonalt klageorgan
(v) heimel for å peike ut eit nasjonalt handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglane i forordninga vert følgde, og for at handhevingsorganet kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på EØS-reglane

Særlege merknadar:
På to punkt i høyringsnotatet legg departementet opp til å gå lenger enn det som følgjer av forordninga.

For det første går departementet i samband med gjennomføring av forordninga inn for at ansvarsområdet til det nasjonale klageorganet vert vidare enn det som følgjer av minstekrava i forordninga. Det nasjonale klageorganet skal i tillegg til å handsame klager som gjeld rettar etter forordninga, òg ha kompetanse til å handsame klager som gjeld rettar som følgjer av transportvilkåra til transportørane. Det er nærare gjort geie for dette i punkt 7.3.5 i høyringsnotatet.

For det andre vert det i høyringsnotatet peika på at det i samband med forskriftsendringane som gjennomfører forordninga om busspassasjerrettar i norsk rett, kan vere aktuelt å utvide ansvarsområdet til Transportklagenemnda til òg å omfatte klager på transportvilkåra frå passasjerar med trikk, T-bane og bybane. Desse transportslaga er nært integrerte med busstransport i dei byane der dei er en del av kollektivtilbodet, og har ofte felles transportvilkår for transport med ulike transportmiddel. Det er gjort nærare greie for dette i punkt 8 i høyringsnotatet.

Forordninga opnar i artikkel 2 nr. 4 for at statane kan ha overgangsordningar for gjennomføringa av forordninga.
Det vert for det første opna for at statane kan gjere unnatak frå delar av forordninga for innanlands rutetransport i inntil 4 år. Unnataket kan fornyast ein gong. Det kan mellom anna ikkje gjerast unnatak for reglane om plikt for transportørane til å etablere ei intern klageordning, og for medlemsstatane til å etablere eit nasjonalt klageorgan.

For det andre opnar forordninga for at statane kan gjere unnatak for særskilte ruter for ei periode på høgst 4 år, når ein betydeleg del av rutetransporten finn sted utanfor EU. Minst eit planmessig stopp må vere utanfor EU for at dette unnataket skal kunne nyttes. Unnataket kan fornyast ein gong.

Departementet vurderer det som lite hensiktsmessig å etablere eit nasjonalt klageorgan med få materielle rettar å forvalte. Etter departementet si vurdering vil ein da risikere at passasjerane ikkje får tiltru til nemnda. Departementet legg difor ikkje opp til å nytte dei overgangsordningane som forordninga opnar for. Det er gjort nærare greie for desse overgangsordningane i punkt 5.3.4 i høyringsnotatet.

Departementet ber særleg om høyringsinstansane sine merknader til framlegget om å utvide ansvarsområdet til det nasjonale klageorganet til å omfatte klager etter transportørane sine transportvilkår, og til å omfatte klager etter transportvilkåra frå passasjerar på trikk, T-bane og bybane.

Departementet ber òg særleg om høyringsinstansane sine vurderingar av dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovframlegget, særskilt i samband med framlegget om utviding av klageorganet sitt ansvarsområdet til òg å gjelde klager etter transportvilkåra frå passasjerar på trikk, T-bane og bybane.

Tidsplan
Forordninga vart vedteken i EU 16. februar 2011, og tredde i kraft i EU 1. mars 2013. Det er venta at EØS-komiteen vil fatte vedtak om å innlemme forordninga i EØS-avtalen.

Ut frå den forventa tidsplanen for innlemming av forordninga i EØS-avtalen, bør lovendringane som legg til rette for implementeringa av forordninga truleg tre i kraft i Noreg i løpet av 2014.

Det vert gjort framlegg om at lovendringane skal gjelde frå den tid Kongen fastset.

Frist for å komme med merknader til høyringa er 26. februar 2014. Fristen er satt noko kortare enn den normale fristen på 3 månader av omsyn til at det skal vere mogleg å fremme ein lovproposisjon for Stortinget våren 2014. Det er viktig at ein ikkje ventar for lengje med å fremme ein lovproposisjon av omsyn til å kunne gjennomføre dei nødvendige regelendringane innan fristen når forordninga vert teken inn i EØS-avtalen. Det er i vurderinga teke omsyn til at framlegg til forordning har vore på høyring tidlegare.

Vi ber om at fylkeskommunane sender høyringsnotatet vidare til fylkeskommunale føretak det vil ha interesse for.Dersom departementa ser at relevante underliggjande etatar ikkje er tekne med i høyringslista, ber vi om at høyringsnotatet vert send vidare til desse.

Andre som ønskjer å uttale seg i saka har høve til det i samband med at saka vert lagt ut på departementet si heimeside.

Med helsing

Arnfinn Øen (e.f.)                     Ane Sylvelin Lamvik
avdelingsdirektør                      rådgjevar

 

Brevet i pdf-format

Alle departementene
Alle fylkeskommunene
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
Forbrukerombudet
Jernbaneverket
Likestillings- og diskrimineringsombudet
Luftfartstilsynet
Regjeringsadvokaten
Statens jernbanetilsyn
Vegdirektoratet

Akademikerne
AKT (Agder kollektivtrafikk AS)
Arbeidsgiverforeningen Spekter
AtB AS
Avinor
Brakar- Buskerud kollektivtrafikk AS
Fagforbundet
Forbrukerrådet
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Hovedorganisasjonen Virke
Kollektivtrafikkforeningen c/o Akershus fylkeskommune
KS- Kommunenes interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
NHO Transport
Norges Handikapforbund
Norges Taxiforbund
Norges Turbileierforbund
Norsk Jernbaneforbund
Norsk Kommuneforbund
Norsk Lokomotivmannsforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
NSB AS
Næringslivets Hovedorganisasjon
Ruter AS
Transportbrukernes fellesorganisasjon
Transportklagenemnda v/Norsk ReiselivsForum
VKT AS (Vestviken Kollektivtrafikk)
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund
Yrkestrafikkforbundet