Færder nasjonalpark er oppretta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 23.08.2013
Verneplan for Færder nasjonalpark i Vestfold fylke ble vedteken av Kongen i statsråd i dag. Færder er vår 37. nasjonalpark på fastlandet og utgjer ca. 340 kvadratkilometer, hovudsakeleg i sjø.
Verneplan for Færder nasjonalpark i Vestfold fylke ble vedteken av Kongen i statsråd i dag. Færder er vår 37. nasjonalpark på fastlandet og utgjer ca. 340 kvadratkilometer, hovudsakeleg i sjø.
- Eg gler meg over at vi no har oppretta den andre nasjonalparken med store marine naturverdiar. Eit fantastisk natur- og kulturlandskap på Vestfoldkysten blir sikra for våre komande slekter, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Nasjonalparken strekker seg frå Ormøy i Nøtterøy kommune i nord til Færder fyr i Tjøme kommune i sør. Færder nasjonalpark utgjer saman med nasjonalparkane Ytre Hvaler i Østfold og Kosterhavet på svensk side, ein stor og nesten samanhengjande økologisk og landskapsmessig eining på til saman ca. 1100 kvadratkilometer i Ytre Oslofjord.
- Færder nasjonalpark vil saman med Ytre Hvaler og Kosterhavet, óg vere eit positivt løft for reiseliv og turisme i heile Ytre Oslofjord, seier Solhjell.
Nasjonalparken er oppretta for å ta vare på variasjonen og mangfaldet knytt til landskap, geologi og biologi på land og i sjøen. Talet på artar er høgt, og totalt er det registrert 309 rødlisteartar i området, mellom anna kammarimjelle og gul hornvalmue.
Sjøområda har stor variasjon i livsmiljøer med både fjellkløfter og bløtbunnsområde, og det er eit stort artsmangfald, både på grunt og djupt vatn.
Nasjonalparken speglar ein spennande kystkultur med kombinasjon av fiske, landbruk og sjøfart gjennom generasjonar. På land finn ein gravrøyser, steingjerder, rydningsrøyser og historiske kulturlandskap med beiter, slåttemarker og historiske bygningar. Alt dette vitnar om at her har det vore aktivitet i mange hundre år.
Den freda Fyrstasjonen Færder fyr på øya Tristein og det gamle freda fyrmiljøet på Store Færder ligg innanfor nasjonalparken. Det same gjeld Grevestuen på Mellom Bolæren, som er ei av dei eldste jakthyttene i landet.
Området blir mykje nytta til friluftsliv. Båtfriluftsliv, telting, fiske og turgåing er mest vanleg, og dette vil framleis vere tillate i det aller meste av verneområdet. Aktiv gardsdrift gjennom beite skjer på fleire av øyane, og vil framleis vere tillate i nasjonalparken. Yrkesfiske vil framleis vere tillate og blir regulert gjennom havressurslova.
Kongelig resolusjon
Verneplan for Færder nasjonalpark i Nøtterøy og Tjøme kommuner, Vestfold fylke
Forskrift
Forskrift om vern av Færder nasjonalpark, Nøtterøy og Tjøme kommuner, Vestfold (pdf)
Faktaark
Færder nasjonalpark opprettet (pdf)
Vernekart for Færder
Færder nasjonalpark (pdf)
Detaljerte vernekart
Bolærne (pdf)
Nordre Årøy (pdf)
Søndre Årøy (pdf)