Revidert nasjonalbudsjett 2015:
Nasjonal reiseplanleggjar og elektronisk billettering: Nytt selskap skal utvikle kundevenlege og effektive tenester
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 63/15 | Dato: 12.05.2015
- Kollektivreisande over heile landet vil få eit betre tilbod når ein ny nasjonal reiseplanleggjar er på plass, saman med eit effektivt system for elektronisk billettering. Regjeringa går difor inn for at Samferdselsdepartementet skal bli deleigar av eit selskap som skal drifte ein felles rutedatabase og leggje til rette for ein ny nasjonal reiseplanleggjar og for elektronisk billettering.
Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett foreslår at Samferdselsdepartementet skal få fullmakt til å kjøpe aksjar i eit selskap.
Reiseinformasjonen blir meir tilgjengeleg
I dag er det to selskap som utfører oppgåver knytt til nasjonal reiseplanleggjar og elektronisk billettering: Norsk reiseinformasjon AS (eigd av Ruter AS) og Interoperabilitetstjenester AS (eigd av 17 fylkeskommunar og NSB AS).
Regjeringa foreslår at det nye selskapet skal byggje på desse to, slik at viktig kompetanse blir ført vidare og betre samordna enn i dag.
- Vi tek no grep som legg til rette for effektiv innsamling av reiseinformasjon for heile landet, seier samferdselsminister Solvik-Olsen.
- Oppdatert reiseinformasjon som er lett tilgjengeleg på appar er viktig for å få enda fleire til å reise med kollektivtransport. Det er også viktig at det er enklast mogleg for kunden å kjøpe billett.
Samordnar fagmiljøa
- For å sikre at passasjerane får eit best mogleg tilbod, er det avgjerande at vi får samordna utviklingsmiljøa som arbeider med reiseplanlegging og elektronisk billettering, seier samferdselsministeren.
Det nye selskapet som regjeringa foreslår, vil sikre staten og fylkeskommunane tilgang til reiseinformasjon og andre tenester.
Enklare kvardagsreiser
- Denne regjeringa satsar offensivt på kollektivtransport. Vi har mellom anna saman med V og KrF sikra 325 millionar kroner ekstra til belønningsordninga for kollektivtransport. Vi skal inngå nye bymiljøavtaler og vi skal byggje Fornebubanen. Det er difor viktig at vi får utnytta kapasiteten og ressursane i kollektivtransporten best mogleg.
- Ein nasjonal reiseplanleggjar, elektronisk billettering og riktig organisering av arbeidet er med på å gje dei reisande enklare og meir effektive kvardagsreiser, seier samferdselsministeren.