Investerer i klimasmart landbruk i Tanzania
Dato: 13.09.2023 | Utanriksdepartementet
Noreg og NIBIO trappar opp samarbeidet med Tanzania om produksjon av ris som både slippar ut mindre klimagassar og som toler klimaendringane betre.
I Tanzania vart det 5.-8.september arrangert afrikansk toppmøte om matsystem. Møtet samla afrikanske leiarar og sivilsamfunn for å diskutere løysingar for å få meir mattryggleik og betre ernæring i Afrika. På plass var òg utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
NIBIO har lang erfaring med å dele innsikta og erfaringa si innan klimasmart landbruk med samarbeidspartnarar i det globale Sør, blant dei Tanzania. No trappar regjeringa opp samarbeidet med Tanzania om klimarobust mattryggleik. Saman med Tvinnereim og Tanzanias landbruksminister Hussein Mohamed Bashe, underteikna kommunikasjonsdirektør i NIBIO Ragnar Våga Pedersen 6. september ein samarbeidsavtale med søsterorganisasjonen sin Tanzania Agricultural Research Institute, TARI. Samarbeidet blir ein del av Norads nye hjelpeprogram Landbruk for utvikling.
Norske kompetansemiljø speler viktig rolle
– Vi må tilpasse matproduksjonen i fattige land til klimaendringane. Gjennom klimatilpassa landbruk kan vi førebyggje svolt og auke lokal matproduksjon, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.
– Det gir også pengar i lomma til fattige småbønder på bygda. Her har norske kunnskapsmiljø innan landbruk lang tradisjon og gode resultat for kunnskapsdeling med land i sør. Eg har stor respekt for den skilnaden NIBIO allereie har gjort for landbruket i mange land. No ser eg fram til framhaldet, seier ho.
Samarbeid mellom norske, indiske og tanzanianske kunnskapsmiljø
– Dette er teknikkar som vi har vidareutvikla igjennom mange år med samarbeidspartnarane våre i India, fortel kommunikasjonsdirektør i NIBIO, Ragnar Våga Pedersen.
– Det har gitt gode resultat for titusenvis av indiske bønder, og no er det desse erfaringane som kjem bønder i Tanzania til gode. Vi samarbeider tett med dei indiske kollegaene våre, som bidreg inn i prosjektet med erfaringane sine og praktisk opplæring av rådgivarar og forskarar i Tanzania. Vi har eit langsiktig perspektiv på samarbeidet vårt, og dette er ei svært god byrjing, avsluttar Pedersen.
Samarbeidet omfattar oppbygging av kompetanse, utveksling av forskarar og konkrete prosjekt knytt til klimatilpassing, mattryggleik, jordhelse, ernæring og kvinners moglegheiter i landbruket. Det går allereie føre seg opplæring og meir bruk av klimarobuste risdyrkingsteknikkar som både reduserer forbruket av vatn, reduserer utsleppet av klimagassar og aukar avlingane.