51 norske landskap blir bevarte for ettertida

Sidan 2009 har 51 landskap over heile Noreg fått status som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. 6. september blir 15-årsjubileet for satsinga markert på Gran på Hadeland, i eit av områda som er med.

Gamle Tingelstad kykrje.
St. Petri, Gamle Tingelstad kyrkje Foto: Bjørn Jacobsen

– Landbruk over heile landet er eit nasjonalt mål og landbruksproduksjon er naudsynt for å oppretthalda jordbrukslandskapet, også for dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket, seier statssekretær Wenche Westberg.

I år er det 15 år sidan satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) blei offisielt opna i Vanggrøftdalen i dåverande Hedmark fylke. Føremålet er å gje bøndene og andre drivarar i områda statleg draghjelp for å ta vare på kulturlandskapet.

– Eg takkar dykk for all innsatsen de har lagt ned, slik at me med stoltleik kan visa fram og dokumentera dei utvalde kulturlandskapa våre, seier Westberg.

Grøne åkrar på Hadeland, raude og kvite trehus og ein innsjø.
Kulturlandskap på Hadeland. 15-årsjubileet til UKL blir markert på Gran på Hadeland. Foto: Stig Horsberg

Gjennom ei tilskotsordning frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har staten gjeve 370,582 millionar kroner i støtte sidan 2009. 

I 2009 fekk 20 område status som utvalde kulturlandskap. Dei 51 områda me har i 2024 er spreidde over heile landet og viser mangfaldet av jordbrukslandskap som finst i Noreg.

15-årsjublieet blir markert på Gran på Hadeland i Innlandet. På programmet står ein tur til det utvalde landskapet Granavollen - Tingelstad - Røykenvik på Gran.