Fyrste møte i strategisk råd Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping

Det har vore god utvikling innanfor dei næringane som baserer seg på ressursane i landbruket og reindrifta, viser omsetninga av lokalmat- og drikke. Eit nytt råd skal sjå til at politikkområdet blir lyfta opp i regionane.

Dei frammøtte på det fyrste møtet til det nye strategiske utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping.
Næringar som baserer seg på ressursane i landbruket og reindrifta får eit iege råd dedikert til seg for å auka verdiskapinga. På det fyrste møtet for det nye strategiske rådet deltok (frå venstre) leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag, landbruks- og matminister Geir Pollestad, leiar Tor Jacob Solberg i Norges bonde- og småbrukarlag, fylkesordførar Ole Ueland i Rogaland og direkør Silje Lesjø i Bionova. Inge Even Danielsen frå Norske Reindriftssamers Landsforbund deltok digitalt. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Det strategiske rådet skal styrka forankringa av Utviklingsprogrammet i næringane på politisk nivå både nasjonalt og regionalt. Å utnytta ressursgrunnlaget gjev næringane endå fleire bein å stå på i tillegg til fleire moglegheiter til å auka inntektene.

– Det har vore ei dreiing i bruken av verkemiddel mot regional utvikling, der målet er å styrka arbeidet med å utvikla sterke mat- og reiselivsregionar. Gjennom dette rådet ynskjer me å kunna lyfta opp dette politikkområdet, og forankra prioriteringane og aktivitetane godt i eigne organsiasjonar og i regionane, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

I forkant av det fyrste møtet for det nye strategiske rådet, har det blitt lagt fram nokre punkt for å jobba med i arbeidet med vidare utvikling innan dei relevante næringane.

Det fyrste er eit nytt omsetnadsmål for lokalmat- og drikke med 25 milliardar kroner innan 2035. Det nye omsetnadsmålet skal bidra til fleire lokalmatprodusentar og produsentmiljø i heile landet og legga til rette for generasjonsskifte i næringane.

Regjeringa vil også satsa på norsk reiseliv. Både landbruks- og reindriftsnæringa bidreg til å skapa feriedestinasjonar som byr på opplevingar. Det andre målet er å utvikla potensialet innan måltidsturisme vidare.

På det fyrste møtet til det nye strategiske rådet for Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping. Landbruks- og matminister innleidde møtet.
Norske råvarer stod på menyen på det fyrste møtet til det nye strategiske rådet for Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping. Det nye omsetnadsmålet på 25 milliardar kroner innan 2035 skal bidra til at næringane får fleire bein å stå på med utgangspunkt i eigne ressursar. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Rådet skal sameina, lyfta og synleggjera så mange næringar som mogleg og utvikla dei på ein best mogleg måte. Men næringane må også sjølve vera på ballen og kopla mat saman med reiselivet. 

Føremålet med møtet er å konstituera rådet og finna fram til ei felles forståing av mandatet og rolla som rådet har.