Høyring av framlegg til endringar i reindriftsloven og tilhøyrande endringar i jordskiftelova

Regjeringa har i dag sendt på høyring framlegg til endringar i lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift (reindriftsloven) og tilhøyrande endringar i lov 21. juni 2016 nr. 100 om fastsetjing og endring av eigendoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova).

Høyringsframlegget tek utgangspunkt i tre prioriterte hovudtema: den interne organiseringa av reindrifta, bruk av jordskifteretten i interne forhold i reindrifta og erstatningsføresegnene. Framlegget tek utgangspunkt i dagens lovstruktur og noverande kapittelinndeling i reindriftsloven. Framlegget er utforma av Landbruks- og matdepartementet.

– Eg har tru på at dei endringane som blir foreslått skal bidra til auka bruk av det interne sjølvstyret i reindrifta. Eg tykjar også det er på høg tid at reindrifta får tilgang til verkemidla i jordskiftelova som andre rettshavarar til fast eigedom, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Rein i innhegning
Rein i reinbeitedistrikt 9 Čorgas. Foto: Landbruks- og matdepartementet

I tråd med regjeringa si avgjerd om brei involvering har Landbruks- og matdepartementet innhenta innspel frå ulike partar tidleg i prosessen. I innspelsmøta har det vore viktig å få kartlagt korleis dagens lov fungerer. I perioden august 2023 til mai 2024 har det óg vorte halde totalt 14 konsultasjonsmøte med Sametinget og NRL. Regjeringa har vorte samd med Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) om alle dei framlegga som blir sendt på høyring.

– Det er bra at staten har oppnådd semje med både Sametinget og NRL i ein prosess om endring av reindriftslova. Semje om endringar i næringslova for reindrifta er bra for næringa, for styresmaktene, og ikkje minst bra for forholdet mellom reindrifta og regjeringa. Det har vore viktig for meg å prioritere lovendringar på område der dagens lov ikkje fungerer og samtidig vidareføre reglar som fungerer, seier Geir Pollestad (Sp).

Høyringsnotatet skal være på høyring i tre månader. Frist for å komme med høyringsinnspel er 1. oktober 2024.