Lauvtre bidreg til ein sunnare skog

I norske skogar er det gran og furu som dominerer. Men lauvtrea er også viktige for det biologiske mangfaldet og den økologiske tilstanden i skogen.

Sau i lauvtreskog.
Det er mest gran og furu i Noreg. Likevel er lauvtrea viktige for det biologiske mangfaldet. EIn meir variert skog bidreg til å spreia risikoen for ròte og vindfall. Foto: Torbjørn Tandberg

Lauvfall frå lauvtrea betyr mykje for det rike biologiske mangfaldet i skogen. Det gjev ein annan type næring til jordsmonnet enn strøfall frå bartre, og det har positiv effekt på vegetasjonen og jordorganismar som finst på skogbotnen.

Lav, sopp, insekt, edderkoppar, fuglar og pattedyr dreg nytte av lauvtrea. Nokre artar held berre til i bestemde treslag. Ei blanding av lauvtre og bartre bidreg til å spreia risikoen for skogskadar som ròte og vindfall. Ein variert skog er attpåtil meir motstandsdyktig mot miljørelaterte påkjenningar.

Rogn, osp og selje, eller ROS-artane, er pionerartar som trivst på hogst- og brannflater. Dei treslaga har kortare levetid, men spelar ei viktig rolle for mange artar, inkludert raudlista artar.

90 prosent av norsk skogvolum er dominert av treslaga gran, furu og bjørk. Lauvtre ugjer til saman 26 prosent av den ståande kubikkmassen. Bjørk er den mest utbreidde typen lauvtre.