Arbeids- og velferdsetaten (Nav)
Ekstern verksemd | underliggande etat | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeids- og velferdsetaten (Nav) skal bidra til å skape eit inkluderande samfunn, eit inkluderande arbeidsliv og ein velfungerande arbeidsmarknad.
Etaten skal ivareta vanskelegstilte grupper sine behov og bekjempe fattigdom, bl.a. ved å stimulere til arbeid og deltaking. Etaten har også ansvar for å sikre inntekt ved arbeidsløyse, svangerskap og fødsel, aleineomsorg for barn, sjukdom og skade, uførleik, alderdom og dødsfall.
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Arbeids- og velferdsdirektoratet har det overordna ansvaret for at arbeids- og velferdsforvaltninga oppfyller dei forventningane som blir stilte til etaten og når dei mål og resultat som går fram av departementet sitt oppdrag. Direktoratet har ansvar for overordna styring, leiing og utvikling av Arbeids- og velferdsetaten (Nav), herunder:
- Oppfølging i tråd med resultatkrav, styringsmodell og verdigrunnlag
- Lovpålagte og myndigheitspålagte forhold som må sikrast ivaretatt
- Strategi- og verksemdsutvikling
- Utvikling av fag- og arbeidsmetodikk
Forvaltar ein tredjedel av statsbudsjettet
Nav betener årleg 2,8 millionar brukarar og forvaltar om lag ein tredel av statsbudsjettet. I årlege tildelingsbrev til Arbeids- og velferdsdirektoratet gir departementet rammer og retningslinjer for etaten si verksemd for inneverande år.
Meir informasjon:
Nettside: http://www.nav.no/