Arbeidstilsynet
Ekstern verksemd | | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidstilsynet skal leggje premissar for å følgje opp at verksemdene held eit høgt nivå med omsyn til helse, arbeidsmiljø og tryggleik.
Arbeidstilsynet skal, på eit fagleg og sjølvstendig grunnlag, følgje opp at verksemdene tek hand om sitt ansvar etter arbeidsmiljølovgivinga, allmenngjeringslovgivinga og anna relevant regelverk som er tillagt Arbeidstilsynet si myndigheit. Arbeidstilsynet har ulike verkemiddel til rådvelde i sitt arbeid: tilsyn, kunnskapsformidling, rettleiing og samarbeid. Etaten nyttar verkemidla sine slik at dei får størst mogleg forventa effekt. Arbeidstilsynet er ein statleg etat underlagt departementet. Arbeidstilsynet består av eit direktorat, i Trondheim, og ein ytre etat med seks avdelingar. Avdelingane tek hand om etaten si kjerneverksemd og har landsdekkande ansvar for sine område.
Nettside: http://www.arbeidstilsynet.no/