Politiets tryggingsteneste / Politiets sikkerhetstjeneste

Politiets tryggingsteneste (PST) er eit særorgan i politietaten, direkte underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Politiets tryggingsteneste skal førebyggje og etterforske truslar mot tryggleiken, ulovleg etterretningsverksemd og politisk motivert vald i riket.

PST hovudoppgåver er å avdekkja spionasje, førebyggja terror, hindra spreiing av masseøydeleggingsvåpen og forhindra truslar mot myndigheitspersonar.

Sentralt står innsamling av informasjon om personar og grupper som kan utgjera ein trussel, utarbeiding av analysar og trusselvurderingar, etterforsking og andre operative tiltak, i tillegg til rådgiving. 

PST skal gi råd til andre norske styresmakter og delar av næringslivet, og gir råd til korleis norske etatar og verksemder best kan byggje opp god beredskap mot kriminalitet og kriser som kan ramme det norske samfunnet.

Som nasjonal tryggingsteneste har PST eit nært samarbeid med mange etatar, institusjonar og andre aktørar i Noreg.

Livvakttenesta

PST si livvaktteneste har det nasjonale ansvaret for blant anna å utføra nærsikring og andre tryggingstiltak for norske og utanlandske myndigheitspersonar i Noreg.

Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar

Nettside: https://www.pst.no/