Historisk arkiv

FNs høgkommissær for flyktningar diskuterer asylspørsmål med arbeids- og inkluderingsministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

FNs høgkommissær for flyktningar, Antonio Guterres, og arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen møttest i Oslo 15. oktober for å diskutere aktuelle utfordringar på flyktningområdet, særlig knytt til den auka tilstrømminga av asylsøkarar til Noreg.

FNs høgkommissær for flyktningar, Antonio Guterres, og arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen møttest i Oslo 15. oktober for å diskutere aktuelle utfordringar på flyktningområdet, særlig knytt til den auka tilstrømminga av asylsøkarar til Noreg.

Guterres seier at han forstår Andersens bekymringar, men ber statsråden om å møte utfordringane utan å bryte internasjonalt godkjente normer for flyktningarbeidet.


Dag Terje Andersen og Antonio Guterres på dagens møte. Last ned høyoppløselig bilde 
 

På møtet informerte høgkommissæren om at talet på personar som UNHCR har ansvar for, har stige dei to siste åra. Store konfliktar som har ført til at millionar av menneske er drive på flukt, er framleis uløyste. Guterres og Andersen var samde om at dette forklarer den tilstrømninga som Noreg no erfarer, men ikkje fullt ut. Auken i talet på dei som kjem til Noreg skuldast forskjellar i korleis asylpolitikken og praksis i europeiske land blir oppfatta, særleg nylige endringar i nabolanda sin praksis.

Statsråd Andersen fortalde korleis den norske regjeringa vil møte den auka tilstrømninga.  

– Situasjonen var uakseptabel for regjeringa. Samstundes som talet på dei som kjem gikk opp, gikk delen av dei som blei anerkjent som flyktningar ned. Vi måtte gjere noko for å oppretthalde truverdet til asylinstituttet. Før Noreg gjer regelverksendringar, vil UNHCR bli invitert til å uttale seg i høyringsrunden. Regjeringa står fast på at det skal leggast stor vekt på UNHCR sine tilrådingar og retningsliner, sa Dag Terje Andersen.

Høgkommissæren sa seg lei for at vi har ein situasjon der ulikskap i europeiske land sin asylpraksis fører til endringar i fordelinga av asylsøkarar landa imellom. Han tok på ny til orde for ein meir harmonisert praksis. For Noregs del bad han om at regjeringa står fast på internasjonalt godkjente standardar.  

– Noreg har alltid vore ein viktig støttespelar for UNHCR. Verda legg merke til det den norske regjeringa gjer på asylområde. Eg er trygg på at Noreg vil takle dei aktuelle utfordringane på asylområdet i samsvar med internasjonale standardar for vern av flyktningar og i tråd med dei beste tradisjonane i norsk flyktningarbeid, seier Høgkommissæren.