Historisk arkiv

Hurtighandsaming av irakiske asylsøknader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Som eit av regjeringa sine tiltak for å få ned talet på asylsøkjarar som ikkje har behov for vern, har Utlendingsdirektoratet (UDI) og Politiets utlendingsenhet (PU) starta eit prosjekt på Torshov transittmottak i Oslo. Prosjektet går ut på å handsame asylsøknader frå irakarar som er enkle å avgjere.

Som eit av regjeringa sine tiltak for å få ned talet på asylsøkjarar som ikkje har behov for vern, har Utlendingsdirektoratet (UDI) og Politiets utlendingsenhet (PU) starta eit prosjekt på Torshov transittmottak i Oslo. Prosjektet går ut på å handsame asylsøknader frå irakarar som er enkle å avgjere.

Målet med prosjektet er å effektivisere registrering, intervju, saksførebuing og vedtaksfatting ved at alt dette skjer på same stad, på asylmottaket på Torshov i Oslo. Torshovprosjektet vart offisielt opna av arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen måndag 17. november.

Dag Terje Andersen og leiar for UDI, Ida Børresen, under opninga av Torshovprosjektet 17. november. Foto: AID
Dag Terje Andersen og leiar for UDI, Ida Børresen, under opninga av Torshovprosjektet 17. november.  (Høgoppløyseleg bilete)

Irakarar er valt ut fordi dei utgjer ein femtedel av dei som no søkjer asyl i Noreg. Sidan prosjektet starta tidleg i oktober, har UDI fatta 177 vedtak, der alle utan eitt var avslag. Saker som krev verifiseringar eller nærare utgreiing blir overført til ordinær handsaming.

Sakshandsamingstida skal ta 8 dagar. Når UDI har fatta vedtak i saka, blir asylsøkjarane flytta over i ordinære asylmottak medan dei ventar på busetjing eller retur.

-  Kortare tid på å avgjere søknaden har fordelar både for søkjarane og for staten. Dei som får avslag raskare slepp lang ventetid. Samtidig sender det eit tydeleg signal og vil gjere oss i stand til bruke meir ressursar på dei som verkeleg har eit behov for vern, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Prosjektet skal i første omgang vare fram til 1. mars 2009.