Innstramming av praksis for asylsaker frå Sør-Somalia
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 118 | Dato: 03.12.2008
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gir Utlendingsdirektoratet (UDI) instruks om endring av praksis i handsaminga av asylsaker frå Sør-Somalia. Instruksen blir sett i verk straks.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gir Utlendingsdirektoratet (UDI) instruks om endring av praksis i handsaminga av asylsaker frå Sør-Somalia. Instruksen blir sett i verk straks.
– Med denne instruksen blir norsk praksis endra, slik at Noreg kjem på linje med praksis i Sverige og Danmark. Instruksen er ei av tiltaka i regjeringas innstramning av asylpolitikken, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.
Det blir slutt på å gi mellombels eller avgrensa opphaldsløyve til søkarar frå Sør-Somalia som ikkje kvalifiserar for asyl, vern eller opphald på ordinære vilkår. Dette har blitt gjort sidan våren 2007. Departementet instruerar no UDI om at alle saker frå Sør-Somalia skal vurderast på individuelt grunnlag etter dei ordinære reglane. Det er ikkje nok å vere frå Sør-Somalia for å få eit løyve, ein må òg ha eit individuelt grunnlag for å få opphaldsløyve.
Det er ikkje mogleg å si kor mange saker som vil bli omfatta av endringa. Ein kan likevel anslå at instruksen kan få betyding for om lag 10 prosent av sakene frå Sør-Somalia