Styrka satsing på arbeidsmarknadstiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 133/02 | Dato: 13.10.2009
For å møte utfordringane på arbeidsmarknaden styrkjer regjeringa tiltaksnivået med om lag 3 000 nye plassar i statsbudsjettet for 2010. Ein legg mellom anna opp til fleire plassar til tidsubestemt lønnstilskott, oppmjuking av vilkåra for å få bedriftsintern opplæring og auka innsats ovafor langtidsledige.
For å møte utfordringane på arbeidsmarknaden styrkjer regjeringa tiltaksnivået med om lag 3 000 nye plassar i statsbudsjettet for 2010. Ein legg mellom anna opp til fleire plassar til tidsubestemt lønnstilskott, oppmjuking av vilkåra for å få bedriftsintern opplæring og auka innsats ovafor langtidsledige.
– Fleire tiltaksplassar vil bidra til at Arbeids- og velferdsetaten kan gi arbeidsretta bistand til fleire arbeidslause og arbeidssøkjarar med nedsett arbeidsevne, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.
I 2010 gir løyvinga til arbeidsmarknadstiltak rom for om lag 78 000 plassar. Innanfor det totale tiltaksnivået blir det lagt opp til ein auke i talet på plassar til forsøket med tidsubestemt lønnstilskott. Tiltaksnivået er tilpassa den forventa auken i arbeidsløysa, som ikkje minst gjennom Regjeringas politikk, ser ut til å bli lågare enn ein tidlegare venta.
På grunn av situasjonen på arbeidsmarknaden innfører regjeringa midlertidige endringar i regelverket for BIO. Inngangsvilkåra blir mjuka opp, slik at tilskott til bedriftsintern opplæring ikkje berre kan gis ved omstillingar, men også til bedrifter som blir ramma av forbigåande marknadssvikt på grunn av konjunkturmessige forhold. Vidare blir den maksimale tida ein kan gå på tiltak utvida ut over grensa, som i dag er på 13 veker.
Regjeringa utvidar også målgruppa for langtidsarbeidsløysegarantien, ein garanti som skal sikre tilbod om arbeidsretta bistand til personar som har vore arbeidslause over ein lengre periode. Garantien vil frå og med 2010 omfatte personar som har hatt ein arbeidssøkjarperiode på to år og har vore samanhangande ledige dei siste seks månadene.