Styrkar kommunanes arbeid med integrering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 133/07 | Dato: 13.10.2009
Regjeringa foreslår å betale ut tilskotet for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar over tre år. I tillegg vil kommunane få utbetalt ei integreringstilskot på 574 300 kroner over fem år.
Regjeringa foreslår å betale ut tilskotet for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar over tre år. I tillegg vil kommunane få utbetalt ei integreringstilskot på 574 300 kroner over fem år.
Sjølv om kommunane har plikt til å tilby norskopplæring i inntil fem år, viser det seg at dei fleste deltakarane gjennomfører opplæringa i løpet av dei tre første åra.
– Det er desse åra kommunane har dei største utgiftene, og det er derfor viktig at kommunane får utbetalt tilskotet i denne perioden, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.
Regjeringa er opptatt av å sikre rask busetting av flyktningar i kommunane. Utfordringa er særlig stor når det gjeld busetting av einslige mindreårige flyktningar. For å gi kommunane gode økonomiske rammevilkår for arbeidet med busetting og integrering, foreslår Regjeringa å vidareføre styrkinga av integreringstilskotet frå revidert nasjonalbudsjett 2009. Dette gir kommunane eit tilskot på 574 300 kroner per vaksen person og 554 300 kroner per barn, fordelt over fem år.
I tillegg foreslår Regjeringa å vidareføre styrkinga av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) frå revidert nasjonalbudsjett 2009 med 10 millionar kroner i 2010.
IMDi er ein sentral støttespelar for kommunane når det gjeld busetting og integrering av flyktningar. Kommunane gjer en stor innsats på dette området i år, og eg har stor tru på at dei vil halde fram med dette gode arbeidet også i 2010, seier arbeids- og inkluderingsministeren.