Historisk arkiv

”Ikkje aleine – samtalegrupper for barn”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa foreslår 3 mill. kroner til å styrkje tilbodet om samtalegrupper for barn og unge som opplever konfliktar mellom foreldra etter samlivsbrot.

Regjeringa foreslår 3 mill. kroner til å styrkje tilbodet om samtalegrupper for barn og unge som opplever konfliktar mellom foreldra etter samlivsbrot.
 
Det er bra for barn som opplever sterke konfliktar mellom foreldra etter samlivsbrot, å snakke med andre barn i same situasjon og med innsiktsfulle vaksne, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt. 
 
Forsking viser at barn som opplever konfliktfylte forhold mellom foreldra etter samlivsbrot, får problem. Eg har derfor bestemt meg for å få utvikla tiltak som kan bidra til å førebyggje negative konsekvensar av slike konfliktar, seier statsråd Huitfeldt. Målet er å redusere psykososiale skader hos barn og unge.

Samtalegrupper for barn som opplever konfliktar og vanskar etter samlivsbrot har vore prøvd ut i eit fåtal kommunar. Erfaringane frå barna sjølve, skole, helsestasjon og barnehage er positive. Mange barn har fått hjelp til å snakke om vanskane dei har i høve til foreldra og hjelp til å bearbeide eigne kjenslemessige reaksjonar.   

Midlane skal nyttast til at fleire barn og unge får tilbod om samtalegrupper. Vi har eit klart mål om å fange opp barn og unge som får det vanskeleg på grunn av høgt konfliktnivå mellom foreldra så tidleg som mogeleg. Dette krev auka bevisstheit om konsekvensane for barn av sterke foreldrekonfliktar hos tilsette i skole/barnehage, skolehelsetenesta, familievernet og den kommunale psykiske helsetenesta for barn og unge. Det krev òg tettare samarbeid mellom kommunale tenester. Det vil vi også stimulere til i 2010, avsluttar statsråd Anniken Huitfeldt.