Styrka tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 09088 | Dato: 13.10.2009
Lova om kommunale krisesentertilbod trer i kraft 1. januar 2010. For å setje kommunane i stand til å oppfylle krava til eit godt og heilskapleg tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar, blir den statlege løyvinga til krisesentertilbud foreslått auka med 64 mill. kroner. I tillegg er Fornyings- og administrasjonsdepartementets (FAD) budsjett foreslått auka med 3 mill. kroner til tilsyn med krisesenter.
Lova om kommunale krisesentertilbod trer i kraft 1. januar 2010. For å setje kommunane i stand til å oppfylle krava om eit godt og heilskapleg tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar, blir den statlege løyvinga til krisesentertilbud foreslått auka med 64 mill. kroner. I tillegg er Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett foreslått auka med 3 mill. kroner til tilsyn med krisesenter.
Lova gjer det tydeleg at det er eit offentleg ansvar å sørgje for at personar som er utsette for vald i nære relasjonar, får vern, hjelp og oppfølging ved at kommunane får ansvaret for å sørgje for eit krisesentertilbod. Det første året blir eit overgangsår for å gi kommunane og krisesentra moglegheit til å tilpasse seg den nye lova. Deretter vil statstilskotet bli lagt inn i rammetilskotet til kommunane.
Krisesentra over heile landet har gjort eit stort og viktig arbeid for valdsutsette kvinner og barn opp gjennom åra.
Lova er ei anerkjenning av dette arbeidet. Ved å lofesta dette som ei kommunal oppgåve sikrar vi eit likeverdig tilbod i heile landet, seier Huitfeldt. Eit viktig mål med den nye lova er eit betre samordna hjelpetilbod til personar som vert utsett for vald i nære relasjonar.